Sorg er vanskelig å dele.

Hausten 2008 og våren 2009 deltok eg i eit prosjekt under Helse Førde. Målet var å gi eit tilbod til foreldre som ikkje hadde fått dele sorga si etter tap av born, og som ikkje hadde fått tilbod om dette i etterkant av tap av eige born.

Vår sorg kan lese litt om her.

Tilbodet skulle vere for to par som det var kjent ikkje hadde fått oppfølging. Når Helse Førde sendte ut invitasjon endte det opp med 4 parallelle grupper med 4 foreldrepar i kvar.

Det var utfordrande, men og eit privilegium, å vere foreldrerepresentant inn i prosjektet. Ved tap av vår son fekk vi heller ikkje oppfølging uten at vi bad om det. Ved å fortelje om vår situasjon skulle eg vere ein hjelp til å opne for dei andre foreldra til å snakke om sorga si. Sorga dei ikkje hadde fått fagleg oppfølging til å bearbeide.

Sorg er vanskeleg å dele med andre. I alle sine variasjonar og former. Det gjeld ikkje berre i tilknytning til tap av liv ein saknar. Det gjeld i mange ulike samanhengar.

Med å dele noko av vår, håper eg og min familie, at vi kan hjelpe andre til å løfte fram praten om dette. For det er eit naturleg samtaleemne, og det treng ikkje alltid å vere vanskeleg. Men det er personleg, nært, og kan vere smertefullt å delta i. Men ein kan kome styrka ut av det.

Det fine er at det er mange måtar å samtale om dette på. Og det er lov å seie at eg ikkje er sjelesørgar, men vil ta ein prat om det over ein kopp kaffe eller te.

Ved å vise interesse gjer du ein skilnad. Ved å vise interesse kan du tappe ein ballong for luft som er full av sorg og smerte, slik at han ikkje sprekk med dei konsekvensar det kan få, og vere til hjelp til å løfte blikket framover.

Det ein saknar følgjer likevel med, men blir lettare å leve med 🙂.

God påske!

Venleg helsing

Jostein.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits