"Er du stolt av meg?"

Spørsmålet er alt som står på meldinga i Messenger: "Er du stolt av meg?"

Ja, svarer eg. Ikkje alle klarer det du no har gjort. Det er ikkje så lett som ein skulle tru.

Eg møter henne nokre frå minutt kvart år. Men meldingane kjem på Messenger med jamne mellomrom. Ho fortel om kva ho gjer, kva ho likar, kva ho gler seg til. Og om ting ho gjerne vil som ho ikkje får.

Det er interessant, det er reflekterande. For mange år sidan mista ho ein av personane som stod ho svært nær. Ho blir ikkje kvitt smerta etter denne personen. Difor er ho alltid på jakt, og er sensitiv. Sensitiv for svara som kjem på spørsmåla hennar.

Gjennom Messenger-kontakten møter eg ei ung dame som er reflektert. Ho har tankar om det som skjer rundt seg, og om seg sjølv. Ho legg ut periodevis videoer av seg sjølv med bodskap i tale eller song. Ho trivst.

Men ho har nedsett funksjonsevne. Ho lever i vakuumet mellom det andre oppfattar henne som og det ho sjølv opplever.

Når eg ser henne gå langs gatene der eg køyrer forbi, og når eg ser henne i sosial omgang med andre, ser eg ei ung dame med nedsett funksjonsevne. Men eg ser og forbi dette begrepet "nedsett funksjonsevne" Forbi diagnosen hennar.

Eg ser den ho opplever seg sjølv som, og som ho har delt i Messenger-samtalane med meg. Ho er den ho er: normal med sin funksjonsevne. Slik som alle oss andre. Normal med vår funksjonsevne.

Er vi klar for det: Å inkludere og akseptere kvarandre som normal med vår funksjonsevne? Diagnoser er kanskje ikkje det rette å vurdere folk etter.

😀

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits