NRK Sogn og Fjordane, Firda og einsemd

Hanne og eg har takka ja til å vere gjestar hos NRK Sogn og Fjordane i ettermiddag. Det blir ein liten halvtime med god prat rundt målsettinga med Minnebloggserien. Flott av NRK å følgje opp dette.

Det er viktig å sette fokus på saker som brenner. Regionavisa Firda i Sunnfjord følgjer ei sak som er utfordrande for dei som står oppe i det. Det blir spennande å følgje endringane som Firda presenterer framover.

I 2008 vart eg med i ei prosjektgruppe under Livsmeistringssenteret i Førde som skulle ha ei samling for foreldre som ikkje hadde fått tilbod om oppfølging etter tap av barn. Det var kjent at det gjaldt nokre få familiar i Sunnfjord.

Etter at invitasjonen vart sendt ut vart det lagt opp til fire samlingar i Førde og på Nordfjordeid. Enkelte av dei som møtte fram hadde gått i over 10 år uten å bli invitert til å snakke ut om sine sjokk og traumer.

Når prosjektet vart avslutta var det likevel fleire som ikkje hadde fått sitt nødvendige tilbod om å prate ut og dele.

For min familie vart dette det viktigaste bidraget til refleksjon og oppfølging av våre born og for eigen del. Fordi det i prosjektgruppa og var psykolog og barnelege fekk eg med meg mange tips til korleis følgje opp eigne born.

Vi endra på ein måte status frå "ein funksjonshemma familie" til "vakuumfamilien". Vi fekk ei ny oppleving som var vanskeleg for mange å sette seg inn i. Omstillinga frå å vere ein "funksjonshemma familie" til ein "vanleg familie". I oppførsel er vi ein vanleg familie, men i sinn er vi på mange måtar ein funksjonshemma familie framleis.

Omstillingane var som jordskjelv. Men vi har klart oss veldig bra, når vi både ser tilbake og framover.

Takk og lov!

Men er kriseoppfølging av barn god nok? Våre barn fekk ingen profesjonell hjelp ved tap av sin bror. Det styrte eg og Hanne sjølv med å organisere, med basis i eigen jobbkompetanse og rutinene med å kjempe. Og ved å ha ein god dialog med våre barn.

Ålesund sentralsjukehus ringte den 3.mars 2007 til Førde sentralsjukehus for å fortelle om dødsfallet og behov for vidare oppfølging av vår familie. Vakthavende i Ålesund gav oss denne oppsummeringa av samtalen; "Eg har informert Førde sentralsjukehus om Annstein sin død og dykkar, særleg brørne, sine behov for vidare oppfølging i Førde. Men eg tre ikkje vakthavande lege som tok telefonen forstod kva eg sa....."

Det stemte dessverre. Det skjedde ingenting frå den sida. arbeidet med kvalitetssikring og vidareføring av beskjedar må halde fram.

Men vi har det bra i dag. Med mange gode minner :-)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits