Ein hyllest - Minnebloggserien tar slutt.

Dette siste innlegget i Minnebloggserien er ein hyllest til barn, unge og vaksne som er født med nedsett funksjonsevne eller diagnose. Det er også ein hyllest til foreldre og til søsken. Søsken skal få lov og vere søsken saman så godt det lar seg gjere, og bli tatt med på råd når det ikkje går. Dette er og ein hyllest til menneska rundt oss,uavhengig av kven dei er, men som kjem med oppmuntrande ord som gir tru og framtidshåp. Tredagar-novella vart etter kvart til fleire noveller. Dette vart dag 6:

 

Dag 6 ? (Frå go'stolen))

 

Stresslessen på stova er akkurat det han heiter-  stressless. Komplett perfekt med ein kopp kaffe, lampen akkurat passe skrått lysande frå venstre side bakanfrå. Og ikkje minst godt lesestoff. Det er ikkje muleg å sjå tv i go?stolen, rett og slett fordi vi har sofagruppa å sitje på til den salgs. Men i tillegg til godt lesestoff er stresslessen ypperleg til dei altfor sjeldne, altfor ofte avbrotne og altfor korte intime stundene med borna på fanget. For den viktige nære praten, kjenne kroppen til kvarandre, og berre vite at det tryggaste som finst i livet er den nære kontakt mellom mor, far og barnet.

 

Så lenge det går. Ein dag blir borna for store eller for tunge eller begge deler, til å sitje på fanget. Til å ha denne form for intim grunnleggande kropskontakt. Men heldigvis fins det då andre alternativ.

 

Eg kan enno ha alle gutane på fanget, i stresslessen. I alle fall kvar sin gong. Også Annstein. For Hanne er han for lang og for tung, i alle fall til at ho kan rigge den intime stunda til åleine.

 

Det er fantastisk, men og til ettertanke, når Annstein og eg har funne plassane våre i go'stolen. Fantastisk og sjå og kjenne korleis han nyt det, krøkar seg saman med hovudet hardt inn mot brystet mitt, og seier med sitt lydkause språk: "Dette er dette eg vil no, pappa!! Gløttar opp over brillekanten for å sjå om eg har fått det med meg. Det har eg, medan eg kjenner hovudet trykke seg enno nærare inn til brystet mitt og knea krøker seg godt opp mot meg. Ofte lurer eg på om han har lyst til å lime seg fast til meg. Fingrane understrekar det resten av kroppen fortel: "Ja, ja, pappa, berre slik, hald godt rundt meg, berre eg og du, så tett som vi kan og enda litt til. Og vær så snill og ikkje prat med nokon annan no, pappa, vær så snill!"

 

Og så er det det som altfor ofte skjer, at nokon ikkje oppfattar korleis vårt usynlige språk akkurat der og da binder berre oss to til kvarandre, med eit ynskje om å vere i vår eiga verd. Utforske detaljane som berre er der, akkurat da: "Du og eg og vi to, sit no i go'stol". Men dei minutta vi har HAR vi. Akkurat der og da. Akkurat så lenge dei varer. Akkurat den tida er meir verd enn den største diamant. Akkurat så lenge den varer. Der i go'stolen stresslessen.

 

Men no set eg nesten åleine i go'stolen. Saman med kaffien og ei god bok. Og eg er på veg til å få ei fantastisk oppleving. Du verden for eit fint dikt som står i denne boka. Først på engelsk, så på svensk. Og medan eg les omset eg det til nynorsk, og den fantastiske klange og det nydelege innhaldet løftar meg opp, som om det er engelen sjølv som fortel meg det eg les.


Er det slik du kom til oss, Annstein, tenkjer eg. Er det slik det er alt vi planlegg og tilrettelegg for. Tankane rasar rundt. Til personar som eg ikkje har sett i kyrkjelege lokaler som allereie då Annstein berre var månader gammal sa at "Gud veit kven han har valt ut til foreldre til dette barnet!". Korleis kunne dei vite det? Kor ofte har ikkje nettopp Gud brukt folk som i tradisjonell forstand vil bli plassert i kategorien "Ikkje-truande", nettopp til å synleggjere Guds heilskap i sitt skaparverk.

 

Eg må lese diktet enno ein gong. Medan eg les det høgt for meg sjølv i den engelske versjonen, kjem engelens saksofon-aktige solostemme fram inni meg i sin finaste melodi. Roleg, varsomt full av kjærleik for livet det lille barnet skal få:

 

A very special child (by Edna Massionilla, USA)

 

A meeting was held quite far from earth.

It?s time again for another birth,

Said the Angels to the Lord above

This special child will need much love.

 

Her progress may seem very slow

Accomplishments she may not know.

And she?ll require extra care

From the folks she meet down there.

 

She may not run or laugh or play

Her thoughts may seem qiute far away.

In many ways she won?t adapt

And she?ll be known as handicapped.

 

So let?s be careful where she?s sent.

We want her life to be content,

Please Lord find her parents who

Will do a special job for you.

 

They will not realize it right away

The leading role they?re asked to play

But with this child sent from God

Comes stronger faith and richer love.

 

And soon they?ll know the privilege given

In caring for the gift from heaven,

Their precious charge, so meek and mild

Is heaven?s very special child.

 

 

Så fullt av lovsang dette diktet er, som ein hyllest til VÅRT spesielle barn. Men så tydeleg smerten kjem fram i dette diktet her. Tungarbeidet, ikkje akkurat den leiande rolla vi som foreldre blir satt til å fylle. Men er det verkeleg slik det er? Gud! Har du valt oss ut til å vere sterke nok til å vere foreldre for dette barnet? Eller handlar det ikkje om det? Handlar det om at du gjer oss sterke nok til å ta vare på Annstein, Hans Petter og Aleksander? Handlar det om å sjå på løfta du, Gud, har sagt at du har gitt: Styrke for kvar dag slik som dagen vår er?

 

Noko er iallefall sikkert. Det er lett å sjå at Annstein er eit spesielt barn og treng ekstra omsorg. No har eg lese diktet nokre gongar, og det begynner så smått å gå opp for meg at det kan vere sant: At Annstein kan vere ei gåve frå himmelen, for å gjere oss mottakelege for fastare tru og rikare kjærleik, gitt av Gud, Kristi far!

 

Eg rettar meg opp i go'stolen, set beina på krakken medan eg lenar meg mot lampelyset. Les diktet enno ein gong. Også den svenske versjonen som står litt lenger bak. Svensk omsetjing er Tomas Sjødin. Eg får lyst til å prøve meg på ei norsk omsetjing der barnet er Annstein:

 

Eit fantastisk barn.

 

Ein engel kom til Herren Gud

Det er tid igjen for å føde ein gut,

Sa engelen til Herren rett framfor.

Dette spesielle barnet vil trenge mykje omsorg.

 

Guten si utvikling kjem i småe steg

Og læremeistringa blir veldig treg

Og han vil trenge ekstra merksemd

Frå alle folk som nært han kjem

 

Kanskje vil han ikkje springe, le eller leike

Og hans tankar bli vanskelig å teikne

Ofte vil han ikkje respondere

Og vil bli rekna som funksjonshemma der nede.

 

Så la oss varsomt velje kvar han kjem

Så livet til guten blir godt og vel

Kjære Gud, velj foreldre med omhu

Som vil gjere ein spesiell jobb for du!

 

Dei vil ikkje innsjå det heilt med det same

Den leiande rolla du med guten gav med

Men med dette barnet sendt frå Gud

Kjem rikare kjærleik og fastare tru.

 

Og snart vil dei sjå dei gitte privilegier

Å vere foreldre for ei gåve frå himmelen

Den spesielle nåde, så mjuk og mild

Den spesielle guten frå himmelen hit til.

 

Eg må reise meg frå stolen. Eg må tygge på versa eg har krota ned. Det manglar litt på at dei kling som orginalen. Og kanskje forsvinn noko av spenninga når fokuset er på Annstein. Eg får la Hanne tygge på det i morgon tidlig. Eg gjespar høgt og skjønar det er leggetid.

 

Ansvaret ? oppgåva ? uansett løftar versa i diktet opp Annstein som spesielt utvalgt barn for oss. Tanken går tilbake til ein medsongar i Lakselv blandakor i Finnmark. "Gud veit kven som er sterk nok til å vere foreldre for Annstein". Eg trur ikkje ho rekna seg som kristen.

 

Kanskje var ikkje forfattaren av det engelske diktet det heller?

 

Minnebloggserien om og rundt Annstein er slutt. Eg og Hanne elskar våre tre søner. Og svært takknemlig for storfamlien vi har på begge våre sider. Og vi er glade i våre vener som vi  kjenner og ikkje kjenner.

Nye blogginnlegg kjem etterkvart. Denne serien fekk god merksemd. Ta vare på kvarandre, både dei du trur treng støtte og tdei du trur klarer seg sjølv i kvardagen. Dei treng og eit smil, eit hei, eit besøk og ein invitasjon.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits