Kvardagslivet, det vi ikkje fortalte 2 - Minnebloggserie

I dag to av Tredagar-novelleserien får vi eit innblikk i at hjelpemiddel er kjærkomne for eitn variert familiekvardag. Men har og sine utfordringar. Du får eit glimt av det her:

Tredagar - ei mininovelle

Dag to

Det er laurdag morgon. I går kveld fekk vi ein pangstart på ei fin familiehelg. Først stoppa heiskontrollen til hev- og senk regulatoren på badekaret å virke då han var på eit lavt stille. Så for eine døra på sengekarmen til Annstein av ved eit uhell då brødrene hadde besøk og alle leika på rommet.

 

På ein fredagskveld. Hjelpemiddelsentralen er stengt, vaktmesteren i kommunen er ikkje å få tak i.

No er det laurdag formiddag og eg kjenner allereie at denne helga ikkje blir god for ryggen. Ikkje trur eg det blir bedre for Hanne heller.  Vi får prøve å kome oss ut ein tur i frisk luft så vi ikkje misser humøret.

Men senga til Annstein må fiksast. Verktøy har eg, men først må eg ta ein tur bort til Spesialvarer for å få tak i nye og lengre skruar. Håper dei klarer det denne gongen og. Jammen er det godt at den forretninga finst.

 

"Fikk du tak i skruar?", spør Hanne ved formiddagskaffien. "Ja, for dei er det ingen problem. Eg trur det er berre ein gong dei ikkje har klart å besvare mitt spørsmål på åtte år, men då visste dei kven eg kunne spørje. Så eg er ganske imponert", svarer eg. "Men badekaret da, er det noko vi kan gjere med det. Står det noko i instruksjonsboka om manuell hev og senk?" spør Hanne vidare. "Nei, eg trur ikkje det", svarer eg. "Det er jo eit heilautomatisk system, og når eg såg under badekaret fann eg ingenting som kunne hjelpe meg der."

 

"Men no må vi vel gjere  oss klar til ein tur før gutane finn på noko anna å gjere. Har du noko forslag?" spør eg. "Tenkte du at vi skal gå med permobilen eller terrengvogna?" spør Hanne. "Set ikkje han litt dårleg i terrengvogna no då? Skulle ikkje hjelpemiddelsentralen sende oss ei ny ryggstøtte, den har vi ikkje fått enno. Men elles tenkte eg at vi kan gå tur med permobilen for å bli litt kjendt med han."  foreslår eg. "Kor da?" lurer Hanne. "Eg tenkte at vi kan parkere ved foten av bakken mot Kvamsåsen og så gå oppover mot Flugedalen." "Ja, det går vel. Eg skal lage litt varm kakao. Begynner du å kle på gutane?" avsluttar Hanne formiddagskaffien.

 

Bilen, ein Mercedes Sprinter på 2,8 tonn, gjer jobben med å få rullestolen inni bilen lett. Den er romslig og smidig, og liften bakpå tar meir enn det vi har bruk for pr. i dag. Det tok nesten halvannan år frå vi søkte til vi fekk bilen overlevet klar til bruk. Du verden så vi sleit med den forrige bilen siste perioden vi hadde den. Den var for trang i alle delar.

 

Medan vi køyrer oppover mot foten av Angedalen tenkjer eg tilbake på ferien vår. Nøye planlagt Sverige-tur som gjekk i vasken. Ein lengre tur nokre veker før gjorde klart at Annstein aldri ville klare det. Hovudet datt framover i kvar ein liten brems, og i forsøket på å støtte det opp slik at det ikkje skal skje, får han den lille knekken bakover som gjer at sjansen for å kaste opp er der konstant. Ikkje eingong dei beste strammingane av setebelta til barnebilsetet klarte å unngå det. I tillegg byrja han ¨å klage over verk i kroppen etter ca. 3 timars tur. Ferien endte med ein rundtur på vestlandet. Med mange ferger, og ditto pauser for gutane og. Men sjølv då måtte Hanne sitte bak ved sidan av Annstein, for å halde oppe hovudet. Gjorde ho ikkje det, kunne vi risikere at slim tetta luftevegane kvar halvtime. Det endte med oppkast likevel, fleire gonger. Etterfulgt av klesskift, ekstrapauser, og to gutar som ikkje hadde foreldre som klarte å gje dei god respons på sanseopplevingane deira. Men likevel fekk vi dei opplevingane som gjorde sommaren god, sjølv om Sverigeturen forsvann som ein draum i havet.

 

?"appa, pappa, du gløymte å svinge!" Gutane vekker meg brått. Brått er tankane mine tilbake til dagens tur. "Jostein, skulle ikkje vi svinge av her?" spør Hanne. Ho og gutane får plutseleg mange gode vitsar å lage om meg. Dei ler høgt og får Annstein til å spenne seg i glede så heile stolen hans knirkar. Eg snur bilen, og vi køyrer tilbake til avtala stoppeplass. Om litt er vi på spasertur på ein bratt grusveg. Hanne vil ikkje køyre permobilen her, eg gjer det gjerne. Smågutane spring fort oppover bakkane, i og utanfor vegen. Det er spor i grusvegen, stolen er ikkje lett å styre på slik veg.  Men det går bra.

 

Eit stykke lenger oppe i bakkane stoppar eg for å snu stolen litt så vi kan nyte utsikta rundt oss. Det er den store ryggeprøva. Eg lettar spaken forsiktig, skyver han samtidig til venstre slik at Annstein får snudd seg og ser det same som vi.  Brått er det ingen reaksjon. "Hei, kva skjedde. Stolen stoppa."seier eg høgt. "Vil han ikkje gå?" spør Hanne. Vi skrur av og på straumen, trykker på hastighetskontrollen, sjekkar nødbrems/frikoblingsspaken for hjula. Alt er som det skal. "Sjå der, styringsspaken har gått ut av sporet sitt i handtaket. Kva gjer vi no?" Hanne blir frustrert.

 

Vi ser på styringsspaken. Korleis i alle verden har den klart å hoppe ut av festet i handtaket? Turidyllen slår sprekker.

 

"Det er laurdag og vi har ingen å ringe til" konkluderer eg. "Stolen kan ikkje stå her, og vi kan ikkje bere Annstein ned til bilen. Eg kan hente bilen opp, så trillar vi stolen inn på lemmen i nedoverbakken." Eg fiklar litt til med spaken. "Hanne!  Eg fekk han på att! Vi må berre passe på at vi ikkje løftar handtaket og vrir han heilt til høgra samtidig:" "Flott, no går vi vidare, så tar vi kaffipausen oppe hos våre vener."

 

Laurdagsidyllen varte heilt ut.

 

Siste del av Tredagar-novella kjem i neste innlegg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits