Kvardagslivet, det vi ikkje fortalte 1 - Minnebloggserie

Gjennom nokre mininoveller heldt eg og Hanne ulike foredrag og innlegg om det å vere ein funksjonshemma familie. Det starta i 2002, og heldt fram til 2009. Så har andre områder av kvardagen vore i fokus. Vi såg framover, vi måtte forme ei ny familierytme. Det er mykje som ikkje blir skrive i denne minnebloggserien.

Men før tre noveller kjem i tre bloggginnlegg dei neste dagane, vil eg fortelje om Annstein si favorittante Kristin, mi søster. Ho og Annstein gjekk nesten inn i deira eiga verd når dei møttes. Ho hadde ein fantastisk teft for nonverval-kommunikasjon. Og oppdaga at Annstein brukte hendene aktivt til å kommunisere med, rettare sagt fingrane. Ei bestemt samspel mellom fingrane betydde Ja, ei anna NEI. Mykje vart enklare etter denne oppdaginga. Dei tilpassa også tilkomsten til huset i ein bratt eigedom slik at det skulle vere muleg for Annstein å kome på besøk med elektrisk rullestol. Til sorg for oss alle gjekk Kristin bort i ulykke i 2011, også i ei vinterferie. Trøysta er håpet om at begge får vere i lag i Himmelen med firske kroppar. Det er lov å tru det.

I tillegg til fingerspråket la ein av spesialpedagogane i Førde ned stor innsats for å utvikle ei ordbok for Annstein sitt non-verbale språk. Saman med fingerspråket vart denne fire-siders ordboka forløysande for Annstein sitt sosiale liv utanfor familien.

Dei tre novellene som kjem framover er til støtte for dei som har sine utfordrande kvardagar med belastningar og utfordringar som dei held innanfor husets fire vegger. Vi held også mykje for oss sjølv.

Novella startar med DAG 1:

Tredagar - ei mininovelle (2005 e.kr)

Det er far som fortel.

 

Dag ein

 

Klokka er snart halv fire.

"HP, kan du sjå om bussen kjem? Klokka er snart halv fire!" I det same ringer det på døra. "Annstein er her!" høyrer eg gutane på 4 og 7 ropar i kor frå gangen.  Eg går ut til døra, helsar på Annstein med eit nikk til bussjåføren på same tid. "Hei, Annstein, velkomen heim!" Ein rask titt fortel at ikkje alt er som det bør vere. Annstein heng nesten i stolen sjølv om alle reimer og stropper er festa. "Har han glidd ned under køyreturen" Eg ser på sjåføren. "Nei, han set akkurat slik eg fekk han på skulen." "Uffda" sukkar eg. Vi får overrekt matsekk og ransel og ynskjer sjåføren ein god ettermiddag medan eg kjenner på stroppene på Permobilen. For slakk, for slakk, for slakk, for slakk. I dag igjen. Hanne kjem ut: "Hei, Annstein, har du hatt ein fin dag på skulen?" Annstein kjem med eit forsiktig smil, prøver å få hendene i posisjon til å svare. Det er ikkje lett når han ikkje sit godt i stolen. "Du blir så energisk, du Annstein," seier eg, "men du må ikkje spenne hoftene så mykje. Det finst ikkje reimer som kan hjelpe deg i god sitjestilling, då, forstår du." Annstein smiler og gjer ei kraftanstrenging og spenner hoftene på ny. Med smil og hender fortel han: "Jammen eg vil jo røre litt på meg, pappa!"

 

Inne på stova strekker Annstein seg godt ut på golvet, medan han prøver å få med seg kva brødrene gjer på. Dei gjer ting så fort, men dei er glade og det smittar over på Annstein. Han ropar høgt og fortel at han vil vere med. 

 

?No er maten klar? roper mor frå kjøkkenet. Av med video og musikk. Medan brødrene har alle mulige ting dei skal gjere før dei set seg til bordet, prøver Hanne å få Annstein i rett setestilling. Overkroppen synker mot venstre side. ?I forrige veke vart stolen justert, men no sit han som det skeive tårn i Pisa igjen. "Kva er det eigentleg som må stillast på?" Hanne er ganske frustrert. "Annstein brukar tida til å sove når vi er på hjelpemiddelsentralen for å justere utstyret", seier eg. "Er han slapp blir jo justeringane deretter. Kanskje blir han pressa ned i slapp stilling dei dagane han er opplagt til å rette seg opp. Er han opplagt når utstyret blir justert, må vi vel kanskje vente at han sig ned litt når han er sliten. Og då blir vel sittestillinga slik han er no." synsar eg.

 

"Men det må no gå'an å få han til å sitte riktig likevel", sukkar Hanne. "Skal eg justere noko på stolen no, syns du? "Spør eg. "Nei, vi får prøve å la han sitte slik. Ventar vi lenger no blir maten kald, så vi må i alle fall ete første. La oss synge for maten,"

 

Etter middag tar eg fram medfylgjande embrakonøklar til stolen. Går fatt på lause skruar først for så å sjå om det er nokre justeringar eg kan gjere i dag. Det meste må vere slik det er. Eg puttar ei ekstra sidepute innanfor foret slik at Annstein blir pressa litt meir opp og ikkje sig så mykje sidevegs. Det hjelper i alle fall litt. Annstein fortel med fingrane: "Litt meir, så blir det bra." Så sovnar han i stolen god og mett.

 

Del to av Tredagar kjem i neste innlegg.

2 kommentarer

Nina

06.03.2017 kl.08:10

Utrolig bra du skriver! Akkurat som en ettermiddag her hos oss dette☺

Sterkt å lese denne minnebloggserien, men også godt. Flott av dere å dele❤

Jostein Bildøy

10.03.2017 kl.08:12

Nina: Takk, Nina. Det er eit lite bidrag frå oss for å løfte fram den gode verdien og utfordringar som følgjer med kvardagen til ein "funksjonshemma familie".

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits