Tysdag 6.mars 2007 Medelevane - Minnebloggserie

Det er tysdag 6.mars 2007.

Rektor har via våre venner fått beskjed dagen fr: Annstein er død. Staben blir førebudd på ei annleis veke på skulen. Det skal haldast minnesamvær, elevane i klassen skal følgjast opp. Brørne til Annstein vil helst vere på skulen med sine vener. Det blir dei, dei får sørge saman med dei venene sine. Vi har god dialog med skulen. Vi er saman med alle elevane på skulen og held minnemarkering saman. Det er stille.

Rektor understreker at alle kjente Annstein på skulen. Han smilte og likte å vere sosial. Min refleksjon er at han var heldig. Heldig med koordinerande team på skulen, heldig med spesialpedagogane, heldig med assistentane. Og ikkje minst heldig med medelevane. Klassen fekk utvikla ein spesiell kompetanse i å vere ven med Annstein.

Dei første åra var dei for små til å køyre den elektriske rullestolen. Men frå fjerde klasse fekk dei meir fridom til å vere åleine med Annstein i friminutta og i gruppearbeid i klassen. Nokre fekk køyreopplæring i bruk av off-road rullestolen, nokre vart spesialistar med brukav kamera og powerpoint-presentasjonen som var brukt til å "snakke" for Annstein mellom heim, skule og avlasting.

Rektor uttrykte at Annstein var den som alle på skulen visste kven var, i tillegg til rektor, kontordama og vaktmesteren. Av 330 elevar.

Kva var det skulen la til rette for som gjorde at dette kunne skje? Ein gut som ikkje hadde verbalt språk, var knytt til sine rullestolar og måtte ha hjelp til å bli forstått av sine medelevar og søsken når nokon snakka til han (med unntakt av nokre dyktige assistentar på skulen og avlastinga).

Helsingane frå nokre av medelevane under viser at ulik funksjonsevne er ikkje det viktigaste i eit fellesskap av barn, men trivselen med å vere i lag. Sjølv om ein har ulik undervisningsopplegg i skuledagen, er fellesskapet med klassa sterkt. Og det handler om at elevane får sjansen til å trivast med sine variasjonar i eigenskapar.

Det er skrive mastergradsoppgåver om medelevers kompetanse som underbygger dette, og også bøker i etterkant. Dei fortel det same som klassekameratane til Annstein skreiv i si siste helsing til han i 2007:

Desse tre er representative for klassa no. MInnebloggserien held fram...::

 







 

 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits