Laurdag 3.mars 2007 respiratoren - minnebloggserie

Kl 16.30.

Nå har dei skrudd av respiratoren, det er to timar sidan.

Før dei gjorde det var presten, Knut Bjune, her og vi hadde ei fin stund saman. Han las salmen "Ikke en spurv til jorden". Før han ba ei bøn om styrke for oss som er igjen og om å la deg sleppe, Så velsigna han deg og vi ba Fader Vår saman. Vi sang "Bred dine vida vingar" og til slutt "Kjære Gud eg har det godt". Slik du har sove godt når vi har sunge kveldsbøna di.

Du har enda litt pust igjen sjølv, no sit tante, pappa og mamma og ventar på at du skal ta dine siste pust. Eg har snakka med mormor, ho, tante og onkel har tent lys for deg. Det har og tante, onkel og søskenbarna dine gjort, og mange fleire der dei er.

Mamma

Klokka 19.45:

Du sovna stille inn 17.45 i kveld. Nå har pappa og mamma stelt deg og tatt på deg dine kle. Du ligg fredfullt på senga. Vi er her alle og tar det siste farvel. Men vi ser at det er berre skallet ditt som ligg der. Du er allereie reist til Jesus.

V kjem til å sakne deg kjempemasse

Mamma.

Framhald....

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits