Natt til laurdag 3.mars 2007 - minnebloggserie

Kjære Annstein.

Dette skreiv eg i natt, når eg tenkte på dagen i går. Det er litt vanskeleg å skrive til deg, for du har på ein måte allereie forlate oss. Du låg i senga i går heilt stille, og ser ut som du sov. Men sjølv om du på ein måte er borte, er du jo her likevel.

Du er fin og raud i kinna og huda dier varm og god å ta på. Eg kan klappe deg på kinnet og stryke deg over panna. Du har ei lita hole øvst på panna, kanskje du har slått deg der ein gong. Eg kan ruske deg i håret også. Det tjukke stive håret ditt. Du er litt sveitt i nakken og håret krøller seg enda meir der bak. Eg kan halde deg i hendene og, du er god å halde i.

Du er blitt ganske stor, eg hugsar liksom ikkje heilt at du er på veg til å bli ungdom og ikkje er eit lite barn lenger. Men du er jo ein liten gut likevel, ei stor, god og flott liten storegut. Eg trur fingrane dine er litt hovne no. Dei ligg der, lett bøygd. Dei seier ingenting i dag, verken ja eller nei.  Men dei er der alle saman, tommeltott, slikkepott, langemann, gullebrand og lille petter spillemann!

Det er godt at eg fekk denne tida med deg, Annstein.

Tante...

Framhald...

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits