Fredag kveld 2.mars 2007 - minnebloggserie

Det er så underleg å sitje her ved senga di, Annstein, og sjå på slangane som puffar luft inn i lungene dine. -Eg tenkjer på tysdagskvelden då de kom til Hatleholen. Du var så strålande då du høyrde stemma mi du snudde deg fort mot meg og ville ut av bilsetet. Du har vorte så lang, du rekk til skuldrane til far din.

Sjokket på onsdagsmorgonen, du var bleik og kjølig, men du såg ut til å leve. No er det tredje dagen vi lever i spenning, i høve til din situasjon. Det ser ikkje bra ut, hjerna di vil ikkje vakne til liv og sende dei signala som skal til for at du skal leve.

Då eg ikkje fekk sovna onsdagskvelden såg eg senga di her på sjukehuset. Du hadde alle slangane på deg, men rundt senga di sto 10 englar, dei omringa senga di med ein tett krans. Du heiter oppatt etter farfaren din. Du har aldri møtt han. Dersom livet ditt snart er over, trur eg at det vert stor glede i når de to får møtast i himmelen, eg trur de finn på mykje kjekt i lag. Du har også mange andre slektningar som ventar på å få helse på deg.

I himmelen kan du springe og snakke alt du vil. Men eg ville så gjerne ha deg her på jorda mykje lenger, Kjære Annstein.

Farmor.

Framhald.....

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits