Fredag 2.mars - minnebloggserie

I går skreiv mamma litt til deg, Annstein. Brødrene dine syns det er vanskeleg å sjå deg så dårleg. Difor har det ikkje vore lett å vere inne med deg. Men når dei er det høyrer du dei. Og du høyrer dei snakke om det dei ser på skjermane her inne.

Det er mange ledningar som er festa til. Nokre fortel om blodet ditt, noko om kor fort hjertet slår, og noko fortel om du får nok væske eller mat i kroppen din. Det brødrene dine er mest opptatt av er korleis det går med pustinga di. Om du pustar like mykje kvar gong dei er her inne. Det  gjer du. Men du, eller lungene dine, klarer det ikkje åleine. Pustemaskina, respiratoren, må puste for deg. Korleis vil det vere å puste sjølv igjen, trur du?

Etterat mamma skreiv til deg i går, har du fått fin varme i kroppen igjen. Legane sjukepleiarane og vi håper at du skal kjenne litt at du har pusterør og leidningar på deg. For det gjer litt vondt. for deg eigentleg. Men no har vi venta ei natt og ein dag, og det virker som du ikkje kjenner noko ,eller merkar noko av det sjukepleiarane elles gjer med deg.

Det er veldig mange som snakkar med Gud og Jesus om deg no, Annstein. Og alle ber om at det beste må skje deg. Det gjer mamma og eg også. Søskenbarna dine syns ikkje det er bra at du er så dårleg. Dei er også på tur nokre av dei. Men det er ikkje noko kjekt, og dei vil berre heim att.

Hugsar du forresten dei klemmane du fekk av mamma tidlegare i dag? Dei var får tante K og onkel T. Og musikken vi spelte, den spelte vi fordi dei sa at musikk vil gjere godt. Eigentleg veit vi jo det. Men det er godt å få hjelp til å tenke på dei gode ting vi kan gjere for deg akkurat no. Og så fortel det jo om ein viktig ting som både du og vi veit: Det er så mange som er glad i deg!

Den teikninga som du har hatt på magen, og som heng på veggen no, har A sagt at du skal ha med deg i grava. H har og teikna ei teikning som du skal få med deg i grava. Men det er visst du dør. Det veit vi jo ikkje enno. Men kanskje det er det som er det beste for deg? Vi er veldig spent på kva legane skal fortelje oss. Kva er best for deg? Kvar er livet best for deg no, guten min. Er det å leve vidare saman med oss? Eller er det livet i Himmelriket? Vi skal finne ut av det saman med legane, Annstein.Og vi skal tenke kva som er best for deg.

Pappa.

Framhald..... 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits