Torsdag 1.mars 2007 - minnebloggserie

 

Kl 16.15.

No sit me og ventar på at du skal få normal kroppstemperatur igjen, ca 1 time til så er du der. Då skal dei vekke deg opp, og sjå om du reagerer. Dette blir spennande.

Eg ynskjer at du skal slå auga opp og sjå på oss - det er vårt håp.

Brødrene dine er på tur til byen med tante. Dei syns ikkje det er kjekt å sjå deg slik som dette. Dei og vil at du skal vakne og vere Annstein igjen. Mange i Førde, mormor, alle tanter, onklar og søskenbarn er spente på korleis det går. Dei er så langt borte og ville gjerne vore her. Men dei tenker på deg og oss andre og ber om at det må gå bra med deg.

Mamma.

 

Framhald....

Én kommentar

Nina

02.03.2017 kl.08:47

❤❤❤

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits