Onsdag 28.februar 2007 - minnebloggserie

3.mars 2007 døydde vår eldste son. Annstein Han var multifunksjonshemma og hadde ikkje språk i vanleg forstand. Men han hadde mange kvalitetar, og han styrte kvardagen i familielivet vårt. Det vart naturleg. Dessutan var han storebror og ein perlevenn. Storebrødre og perlevennar skal ikkje døy. Dei neste dagane blir noko av det som skjedde delt på blogggen. Og noko av søsken og veners  reaksjonar lagt ut. Ingen namn blir nemnt utenom Annstein, Hanne og meg.Men kanskje kan andre bli kjent igjen innimellom.Det er ufarleg. No startar minnet om marerittet vårt. Til støtte for dei som opplever liknande eller andre traumer som funksjonshemma familie, eller med eit barn for lite:

 Uvanlig stille på rommet.

Eg har stått opp etter ei god natt søvn. Det er stille. Herleg, alle sov. Fin start på vinterferien. Eg står opp og går på badet. Lyttar til ingen lydar. Fint. Annstein sov og.  Eg er ferdig på badet og er på veg inn på soverommet for å kle på meg. Lyttar. Annstein må sove godt, han var jo trøytt i går med reisedag til farmor, enno ikkje heilt frisk frå forkjølinga. Men han bruker å lage lyd når det kjem andre lydar i huset. Eg går inn for å sjå om dyna ligg på. Det gjer ho ikkje. Hovudet ligg utanfor kanten. Han har litt oppkast i ansiktet der han ligg. Det har skjedd før, men i det eg skal løfte opp hovudet kjenner eg det. Kroppen er kald. Instiktivt går eg inn i førstehjelpsmodus. Eg klappar han på kinnet og seier forsiktig "Annstein". Ingen reaksjon. Eg ropar inn til Hanne som framleis sov. "Hanne! Hanne! Eg får ikkje liv i Annstein!. Eg kjenner ikkje puls og han pustar ikkje!" Eg klappar han på kinnet, og førebur samtidig munn til munn- metoden. Han er frykteleg slapp. Denne kroppen er full av sasmer, og skal ikkje vere så slapp. Eg kjenner frykten i kroppen. Hanne kjem inn medan eg rensar munnen for oppkastet som ligg der.

"Ring 113!"

Eg legg nakke svakt bak, held for nasen og pustar inn eit godt drag i lungene hans. ALL luft kjem i retur. Eg kjenner panikken ta meg, dette klarer eg ikkje. Men eg har EIN sjanse til å hjelpe han, og det er NO. Eg gir hjertemassasjen. Eg ser ingenting, heile verda er oppløyst i tårer. Hanne har fått kontakt med 113. Eg seier kva eg gjer, ho seier kva dei seier kva eg skal gjere. Hald fram. Pust inn, pusten kjem ut igjen, det er ikkje muleg, eg må tørke tårene mine av ansiktet og brystkassa hans, huda blir for glatt,  hjertemassasje, ingen reaksjon, ny innpust, hjertemassasje. Eg har aldri brukt så mykje krefter på å halde fokus som akkurat no. Eg ser ingenting. Eg høyrer Hanne seie "Eg må få legge på slik at eg kan varsle brørne og farmor om at ambulansen er på veg". Ho legg på og spring ut av rommet. Snart kjem brørne og farmor  og ser kva som skjer. Dei går ut igjen. Ambulansen er der. Kor lenge har eg halde på? Lenge, 15-20 min? Eg veit ikkje. Dei kjem 5 ambulansepersonell inn samtidig. Rommet blir fylt av dei. "Vi tar over".Eg smett ut. Frys, eg kler på meg i full fart. Det er ikkje plass til dei andre der inne. Dei organiserer seg, flyttar på Annstein så flest muleg kjem til. Ein på opplæring blir løpegutt. Anestesien tar kommandoen. 20 min. og dei seier

"Vi har fått start på hjartet!"

Eg tenker at eg treng energi til dette, og får i meg ei skive. Eldstebroren går rundt i hagen. Dette er ikkje sant. Yngstebroren er heilt stille inn Dette er ikkje sant. Det er heilt utnaturleg at storebror er døden nær. Eg blir med legebilen bak sjukebilen. Vi kom fram tre minutt etter dei, og Annstein var alt tilkobla alt av utstyr. Dei likar det ikkje på sjukehuset heller, at ein ung ungdom svevar mellom liv og død.

Josteins oppleving.

Framhald...................

4 kommentarer

Nina

02.03.2017 kl.08:30

Sterkt å lese. Skulle ønske vi hadde blitt kjent med Annstein💙

Jostein

02.03.2017 kl.22:56

Takk, Nina. Det er gjensidig.

Elisabeth Vassbotten

03.03.2017 kl.10:52

Minnene etter Annstein vil aldri forsvinne. For ein herlig klassekamerat han var. Kunne ønske han fortsatt var med oss!

Jostein Bildøy

04.03.2017 kl.23:01

Elisabeth Vassbotten. Heisann! Så flott at du seier det. Vi har sett i minneboka frå dykk i klassen, og det bekrefter det du seier. Har snakka med eit par av dine klassekamerater, dei er enig med deg. Det setter spor å miste nokon, fordi dei betydde noko når dei levde. Det er sårt og godt på ein gong.

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits