To ord festar seg etter 300 foredrag.

"Sjå meg"

Eg har passert 300 foredrag sidan 2003. Dei er haldne som foredrag, seminar, foredrag med gruppearbeid og diskusjon, samtaleforedrag, sansebaserte kurs. Mellom anna.

Dei har hatt ulikt innhald for aldersgruppene 5 -19 år og vaksne. Foreldre, lærarar, offentleg tilsette.

Alle har hatt same fokus: "Sjå meg"

Vi har alle behov for å bli sett. Vi har alle behov for å bli trudd. Vi har alle behov for å bli løfta fram. Vi har alle behov for å ha lov til å gå eller gjere feil. Vi har alle behov for nokon vi kan dele vår største smerte med når denne kjem inn i livet vårt.

Vi har alle behov for å bli sett på at vi uttrykker oss individuelt. Med følelsar, gjennom teikningar, gjennom å hjelpe andre, gjennom sang, gjennom ulike måtar å uttrykke seg med ord på. Gjennom å få kome seg vidare på sin eigen måte.

Ein introvert kan fungere ekstrovert når ein får gjere det på sin måte. Eit barn opplever tillit når foreldre involverer i beslutninger og viser respekt for barnet. Ein humoristisk person kan få vist sine seriøse sider som ein har drøymer om lenge. Ein rett samtale

kan føre ein person frå å fokusere på mørket til å få livslyst og strekke seg mot lyset.

Barn treng foreldre som respekter seg. Barn treng samtalen om det ein er ueinig med foreldre om. Ikkje der det viktigaste er å bli einig, men for å oppleve det trygge med å vere ueinig. Sjå ting frå ulikt perspektiv. Lære av kvarandre: "Tenk, mor og far lyttar til meg! Då blir det lettare for meg å lytte til dei!"

"Sjå meg" - er så mangt.

Men det er det viktigaste som sit att etter mine mange møte med unge og eldre mennesker så langt. Resultatet blir gjensidig respekt for kvarandres grenser og utvikling.

Eller?

2 kommentarer

Camilla

11.02.2017 kl.00:12

Wow! Flink du er!:)

Jostein Bildøy

11.02.2017 kl.10:18

Camilla: Takk, Camilla. Det motiverande ligg i alle samtalene og responsen som kjem i og mellom møtepunkta. Du fekk og gode motiv på IKEA. Kjekk blogg :-)

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits