Tanke om bil, miljø og kostnader.

eller vinn

Kven vann eller vinn miljøkampen i bilbruk?

 

Ladbar hybrid går ned i pris, men blir framleis dyrare enn vanleg hybrid. I tillegg kjem straumkostnader. Kjøremønster er nok viktig for å spare pengane. Bensinbilar stig mest i pris, medan dieselbilen går ned i pris. Mest dei med store motorar. Samtidig kan stor motor gjere at bilen slepp å må ha klampen i bånn, då aukar drivstofforbruket. Det er likt for bensin og diesel. Men diesel kan bli dyrt om det blir mest brukt til småkøyring. Slitasjen på motordeler aukar raskare enn med for bensinmotorar.

Også er det dekkdimensjonen: Eg har største standarddimensjon på min eine bil, det heva bakkeklaring med 1cm. Nyttig med mitt køyremønster, men drivstofforbruket auka litt utover boka. Vår 9 år gamle Verso derimot er bra: Oppgitt forbruk er 0,63l/mil. Men bruker 0,48l/mil gjennom året. På ein god sommerdag har han vore nede i 0,37l/mil i snitt over 6 mils lengde. Då var det 300 høgdemeter stigning på strekninga.

Og så er det svevestøv. Med piggdekk eller piggfrie dekk bidrar vi alle til det, uavhengig av biltype. Men fordi eg køyrer mykje køyrer eg piggfritt. Det har eg gjort sidan 1994. Etter ein periode med piggdekk som fulgte ein bruktbil eg kjøpte, auka øyresusen som eg eigentleg ikkje hadde. Den forsvann igjen då eg skifta til piggfrie dekk.

Det er pengar og helse å spare på rett bilval, men ikkje alltid like lett å finne ut av alle vurderingane?

Subjektivt må eg seie at dei beste avklaringane om rett val har eg fått av min bilforhandlar, gjennom gode samtalar i tide og utide :-).

Foto: Jostein Bildøy. Frå ein heller slitsam biltur frå Stranda til Førde, januar 2016.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits