Hyllest til søsken - markerer 9 år utan vår eldste.

3.mars 2007 endra mitt liv som far for alltid. Eg har skrive mykje om det, og halde foredrag om det. Manuset er lett over nokre hundre sider til saman. Men er ikkje nemnt i nokon blogg frå meg. Livet har gått vidare. Vi har det bra. Og vi kan tenne lys på grava utan bitre minner som tærer. Men vanskelege minner er der likevel. 

Men korleis var det å vere søsken? Og korleis kan det vere for mange søsken i dag? Dei ber på skjulte sår som er vanskelege å forklare. Dei bør snakkast med og bli tatt på alvor i balansen mellom leik, avbrot og ansvar. 

På dagen 9 år sidan vår Annstein slutta å puste, og etterlet eit varig rom som står stille i min kropp, hyller eg alle dei søsken som lever med eit søsken som krev foreldre sin ekstra merksemd. Hyllesten er basert på hendingar i vår familie ca 10-14 år tilbake, men som var ein skjult dagleg og nattleg del av vårt familieliv i fleire år. Eg har snakka med andre søsken til søsken med funksjonshemmingarsom og har opplevd , eller opplever, at magien vert broten eller stykka opp på liknande vis. 

Ei mininovelle:

Det magiske som alltid forsvann ? om å vere søsken.

Eg høyrer lyden av døra som lukker seg att bak meg. Det er betre å vere ute no. Eg spring bort til kameraten min, Kimmy. Han er best! Skal eg ta snarvegen over gjerdet? Det gjer eg, og så opp trappa og rundt hushjørnet til Kimmy etterpå.  I det eg hoppar over gjerdet høyrer eg døra heime slår att på ny. «Vent på meg!» Når eg snur meg ser eg lillebroren min kome springande. Eg flirer og seier «Du har hua feil veg!» «Ja, men eg rakk ikkje meir, og hus di og er skeivt på», er svaret. Han er søt broren min, han vil vere der eg er. Og akkurat no forstår eg det. «Eg skal ta snarvegen til kameraten min, klarer du å kome deg over gjerdet?» «Nei, men eg kan gå gjennom buskene.» Så når eg tar sats for å kome meg over gjerdet spring lillebroren min gjennom buskene. Pappa har sagt at det er greitt, vi skal berre ikkje knekke greinene på det. Eg ventar på lillebroren min. Eg blir ikkje lei av han, sjølv om han av og til gjer at eg må vente. For akkurat no er det best å vere saman ute, og ikkje inne heime.

«Ding-dong», lyden er høg der inne. Det spring nokon ned trappa innanfor nesten med det same. Døra opnar seg og søstera til kameraten min ser rett mot oss. «Er kameraten min heime?» spør eg «Nei, han kjem snart trur eg. Men no er han på butikken med pappa. Hadet!» «Hadet» seier eg og ser på lillebroren min. «Kom så går vi bort på leikeplassen».

Eg sit på eine dissa, medan bror min sit på den andre. Det var dumt at storebror spydde no, akkurat når vi hadde kome i gang med å leike med bilbana. Eg, begge brørne mine, og pappa. Mamma song på kjøkkenet. Eg hadde flytta storebror slik at han ikkje kunne sparke bilbana i stykker, men han kunne bruke handa si som bom! For det lika han. Eg brukar å seie «Bom opp!» og då løftar han handa slik at bilane passerer. Men av og til går det litt for seint før handa løftar seg, slik at det blir krasj!

Eg smiler og ser på lillebror: «Lillebror, syns du det er dumt at storebror spyr så masse?» «Ja». Vi dissar vidare, før eg hoppar av og begynner å klatre i klatrestativet. På toppen ser eg at lillebror og vil opp. «Kanskje det er lettare for deg å klatre i taustigen, lillebror. Men du må ta av hua, for no ser du berre med eit auge!». «Eg vil ikkje ta av hua» svarer du og flyttar litt på ho, så du ser det du må. Jammen fint at vi har denne leikeplassen nært huset vårt. Då kan vi halde utkikk i nabolaget, og sjå rundt på alt som skjer. Lillebror er nesten oppe. «Trur du at du kjem deg ned att om du klarer å kome heilt oppå toppen her?». «Ja, du må berre hjelpe meg» svarar lillebror. «Ok, vi får prøve».

Eg ser bort på huset. Mor eller far er ikkje å sjå enno. Då vaskar dei nok framleis. Storebror syns det var kjekt å leike, og brukte kroppen så masse at eg måtte flytte føtene hans vekk frå bilbana fleire gongar. «Pass på, heile skogen flyttar seg inn på vegen! No må vi rydde skogen slik at bilvegen ikkje forsvinn!» sa eg når eg flytta på han. Storebror lo, han syns det er like kjekt som eg når vi leikar saman. Vi har alltid forstått kvarandre. Eg har alltid måtte vere storebroren sjølv om han er eldre enn meg. Det fordi han ikkje kan gå eller snakke, og treng hjelp til å ete og bruke kroppen. Slik er det.

Men når han ler, så begynner han ofte å hoste. Då veit eg kva som kan skje og blir på vakt. Og så skjedde det igjen. «Storbror spyr!» ropar eg. Pappa høyrer det og, og lillebror flyttar seg automatisk. For no må pappa løfte storebror og springe på badet med ein gong. Storebror begynner å bli ganske tung, pappa seier at han er snart 40 kilo. «Men eg må klare å løfte han og springe på badet likevel. På mindre enn 10 sekund.» I dag gjekk ikkje det. Storebror spydde då dei var komne ut i gangen. Mamma var der alt og hadde opna døra til badet. «Eg skal vaske golvet her», høyrer eg ho seie. Storebror lagar spy-lydar framleis. Pappa prøver nok å halde han over toalettskåla.

Eg ville ikkje leike med bilbane meir, det magiske tok slutt. Eg røyste meg og gjorde det eg nesten alltid gjer. Tok på meg sko og hue og gjekk ut. Mamma og pappa seier ingenting. Dei veit at eg går ut fordi det ikkje er kjekt å vere inne når huset luktar spye, og dei er begge opptatt med å skifte kle på seg sjølv, på storebror. Og etterpå må dei vaske golvet i gangen, og på badet, og stellebordet og badekaret. Og sette alle kle og handdukar som vart skitne på vask i vaskemaskina. Nesten kvar dag.

«Hjelp, eg sit fast! Hjelp meg!» Lillebror kom seg opp, men han klarer ikkje å snu seg på bjelkane. «Klarer ikkje du å gå eit skritt ned på stigen, og så gå opp att?» spør eg . «Nei, for jakka sit fast!». «Ok, då må du love meg å sitte heilt stille når eg spring og hentar pappa. Ok? Går det bra?» «Det går bra, men fort deg!» seier lillebror litt skjelven.

Eg hoppar ned, tar snarvegen over nabohagen, der naboane aldri blir sinte, snur meg og ser at lillebror sit heilt stille og ventar. «Ikkje rør deg!» «Nei, da. Fort deg!» Eg spring over plenen og ringer på ytterdøra i det eg opnar og ropar «Lillebror kjem seg ikkje ned frå leikestativet, jakka sitte fast! Kom!» Storebror er heldigvis stelt ser eg, det er tomt på badet. «Spring ut du, så skal eg sette han i stolen», høyrer eg mamma seier. Stega frå pappa nærmar seg og eg ropar «Eg spring bort til lillebror», og lukker døra og spring tilbake. Lillebror sit heilt stille framleis. Han brukar det, å vere heilt stille når han er redd. Han vil ikkje vise at han er redd. Men det er ikkje så sikkert at han er veldig redd, fordi han bruker å stole på meg. Det er bra, tenkjer eg. Det er difor vi er vennar og ikkje berre lillebror og storebror. Igjen høyrer eg døra bak meg lukke seg, eg snur meg og ser pappa kome bortover plenen. Eg er snart framme med lillebror. «Kom pappa, fort deg!» ropar eg. Pappa er ganske rask, og han tar også snarvegen over hagen til den snille naboen. Så er han her. Eg har klatra opp til lillebror og spør «Går det bra!» «Nei!» Seier lillebror. Han likar ikkje å vere fast, det likar ingen. «Hei, kom litt ned, så får eg løsna jakka di» seier pappa og lillebror slepp seg forsiktig ned mot han. Det går bra. Før pappa rekk å ta i jakka, løsnar eg den delen som sist fast. «Sånn, no er du laus!» seier eg.» Lillebror snur seg overraska rundt og ser at det stemmer, akkurat i det eg hoppar ned frå toppen av leikestativet ned på grusen. «Kom lillebror, vi må planlegge jaktturen vår» ropar eg i det eg spring bortover mot huset vårt. «Slepp meg ned!» seier lillebror bak meg. Snart ser eg at han følgjer etter. Han spring om kapp med pappa. Då vinn lillebror alltid. Eg spring inn  på vaskerommet for å hente nøklar til boda. Mamma og storebror står i gangen, så eg spring bort til han og lener meg litt inn over rullestolen og spør «Går det bra, storebror?» Eg ser på fingrane hans og ser at han gjer JA-teiknet.

Lillebror er også komen inn, og spring bort til storebror og klatrar opp i stolen, klappar han på kinnet og spør «Går det bra, storebror?» Eg ser at han og ser ned på fingrane for å sjå etter JA-teiknet. «Det var tante som såg at han snakka meg fingrane» seier eg til mamma. «Det var det, og det var bra!» seier mamma.

«Ja, men kom, lillebror» seier eg. Vi må gjere oss klar til jakt. «Ha det, storebror!» seier eg. «Ha det store bror» seier lillebror. «Skal de langt?» spør pappa.

«Nei, berre ut i boda for å gjere oss klar til jakt. Så skal vi opp i skogen og jakte hjort etter middag»

 

Forfattar Jostein Bildøy, fritt etter reelle opplevingar for søsken til barn med nedsett funksjonsevne. 22.2.2016 Copyright.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits