Kvifor må eg på sjukehus før du forstår?

Handicapped woman on wheelchairDet er mandag morgon, eg har sove dårleg i natt. Kroppen min verker slik. Eg klarer ikkje løfte beina mine. Dei gjer ikkje vondt, men alt over gjer vondt.

Eg har vondt i magen. Også har eg vondt i hovudet. Eg slår meg i hovudet når eg ropar om hjelp. Eg er aldri åleine i huset, men det virkar ikkje som dei som er her forstår kva eg seier. Det er rart fordi dei er her for å hjelpe meg.

Eg har så lyst å gå ut av senga mi, opne døra og gå inn på stova. Der er dei, og prøve å smile til dei og seie at dei må hjelpe meg. Men om eg hadde kome meg ut av senga sjølv, ville dei berre smilt. Fordi eg kan ikkje gå, så dei ville blitt svært overraska.

Dei var inne hos meg i natt, og eg sa at eg fekk ikkje sove. Nattevakta spurte «får du ikkje sove?» Eg sa at det er fordi eg har så vondt i magen at det gjer vondt overalt. Nattevakta svarte: «Du sovnar nok snart igjen», slukte lyset og gjekk.

Men eg hadde så vondt, så eg prøvde å rope kom tilbake. Eg rista i senga, og vart sint. Eg slo meg sjølv i ansiktet. Eg vil ikkje det, men spasmene i handa mi styrer meg dit. Når eg slår meg i ansiktet betyr det at det er noko du ikkje forstår som eg treng at du forstår. Eg treng at du forstår at eg har vondt i magen. Men nattevakta forstod ikkje  det. Til slutt sovna eg likevel. Utmatta og uroleg. Til magesmertene kom tilbake. Kor lenge det gjekk? Eg har ikkje klart å lære meg klokka, og dessuten er det ingen som har spurt meg om eg vil lære klokka. Så eg veit ikkje kor lang tid det gjekk. Det einaste eg veit er at det var mørkt ute fleire gongar når eg vakna. Det var mørkt ute dei neste gongane nattevakta kom inn, spurte meg nokre spørsmål om kvifor eg ikkje sov. Og så gjekk han ut igjen.

Ein gong eg vakna opp var det lyst. Då var nattevakta gått, og ei anna kjem inn og seier «God morgon! Klar for ein ny og fin dag på aktivitetssenteret?

Eg såg ho inn i augene, og eg klarte ikkje svare. Eg verka slik at eg såg sikkert berre veldig sløv ut. Eg var ikkje klar for nokon ting. Eg hadde ikkje lenger vondt i magen, eg hadde vondt i heile kroppen. Og eg måtte på do. Men det kom ingenting ut, sjølv om eg ikkje prøvde å halde meg.

I det eg blir heist ut av senga, og flytta via takskinnene inn på badet, ringer det på døra. «Hei!» seier ei lys og kjent stemme. Det er storesøster. Men eg klarer ikkje å smile. Ho kjenner meg, og eg berre verker i kroppen. Eg høyrer ho forandrar stemma i det hos spør: «Kva er det med bror min?»

Morgonassistenten min seier at nattevakta sa at han har sove dårleg i natt, men når han kjem ut i frisk luft og kjem seg på aktivitetssenteret  kviknar han nok til. Eg høyrer søstera mi seie: «Eg må ta ein telefon, vent litt».

Det neste eg hugsar er at eg vaknar i eit kvitt rom med lite lys. Eg er på sjukehuset. Eg kjenner at kroppen ikkje gjer vondt lenger, Men eg er supertrøytt. Søstera mi og far min står ved sidan av meg. Søstera mi har grått. Faren min ser både redd og rasande ut.

Eg sovnar igjen. Eg er ein vanleg ungdom, men det er berre meg som syns. Eg høyrer andre snakkar om eit ord som multifunksjonshemma. Det gjer meg visst annleis enn andre.

Eg er sliten av å ikkje bli forstått.

 

Ei mininovelle, basert på sanne historier, av Jostein Bildøy 20.2.2016

Illustrasjonsfoto: Licensed from: Iko / yayimages.com

 

 
 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits