Kan flyktningar verkeleg hjelpe vener som svelt?

I dag står det å lese på facebook at ein flyktning kjøper ei handlekorg med brød for å gi mat til sine vener som svelt. For dette har ein person hengt han ut på facebook. Den grunnleggande norske dugnadsånda er at vi hjelper dei som treng det. Men akkurat no er det ikkje slik, fordi flyktningane tenker det same som oss. Er det ikkje rart? Tenk at andre tenker som oss nordmenn?

bread with ears on the wooden table

Når eg sjølv ved to høve har gitt gåver tilsvarande ei månedsinntekt til to ulike personar, fordi dei ikkje hadde eigen økonomi til nødvendige innkjøp, skjønar eg at det er på kanten av det akseptable for nokon. 

For den eine personen skulle midlane gå til eige arbeid for barn og unge. Sist dei hadde råd til å investere i nytt materiell var 20 år tidlegare, då dei fekk forrige gåva. Med denne gåva kunne dei gjere nye store investeringar. 

For den andre handla det om balansen mellom å vere student og deltidsarbeidande. Valet vart ja takk, begge deler, med den konsekvens at det ikkje vart nok pengar til mat alle dagar. Med midlane denne fekk vart det nok til både mat og husleige. 

Begge bur i land som etter norske forhold har dårleg rykte. Så pengane vil sikkert gå til korrupsjon og til eige luksusliv vil nokon tenke. Ja, det vil det. For eit av kriteria frå meg når dei fekk gåvene var at det skulle gi rom for litt ekstra kos og hygge, men samtidig sikre at det var øyremerka kven som skulle nyte godt av dei. Så korrupson ikkje skulle bli ein faktor.  Ei månedsinntekt er sprøtt, tenkjer du kanskje. Men det var det som var behovet for desse. 

Men tenk at andre har dei same behov som oss, med anna kulturell bakgrunn? Med anna tenkemåte? Med anna levestandard? 

Det verste er nok at min familie gradvis har fått ein ny storfamilie med medlemer rundt om i Europa og i kontinent på den sørlige halvkule?

Må vi ikkje gløyme at vi i Norge eigentleg er som alle andre, like mykje som at dei er som oss. Difor er det naturleg og logisk at ein flyktning også hjelper dei han kan hjelpe! Sj artikkelen frå NRK Finnmark her: http://www.nrk.no/finnmark/ammar-kjopte-brod-til-vennene-_-ble-hengt-ut-pa-facebook-1.12696341

Framleis god advent, ventande på han som både gav brød og seg sjølv for at vi skal kunne dele av vår eigen kjærleik med kvarandre!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits