"Kvinner skal ikkje køyre bil!"

"Då ho vart 18 sa ho at ho ville ta sertifikatet, endeleg skulle ho få køyre bil. Men da sa faren: NEI, det ligg ikkje i vår kultur at jenter får køyre bil. Men jenta sa at kulturen er her i Norge. men faren sa at deira familie skulle følgje skikkane i heimlandet dei kom fra, sa 18-åringen". Personen som beskriver situasjonen der vi sit og prater, fortel at ho kjenner fleire i same situasjon.

Skal kvinner i Norge lære å køyre bil?

Under eit oppdrag nemnte eg situasjonen for ein lokal medarbeider. Responsen kom umiddelbart: "Veit du, dette har skjedd her også. Ein familie vart splitta, og flytta vekk herifrå av same grunn. dattera tok sertifikatet og brukte bilen til foreldra, men kort tid etter fekk ho beskjed om at det ikkje var akseptabelt at ho køyrde bil. No veit eg ikkje kvar dei bur."

Mi mor har alltid hatt sertifikat. Iallefall sidan starten av 1960-talet. Eg vaks opp i ei slekt og storfamilie der likestilling var likestilling på alle måtar. Naturleg arbeidsfordeling der ein kan sjå tradisjonelle kjønnsrollemønster dukka sjølvsagt opp. Men at det var forskjell på kva jenter og gutar fekk lov til opplevde eg ikkje. Heller ikkje i nabolaget eg vaks opp var det slik. I enkelte kristne miljø som eg besøkte eller flytta til kunne ha nokre trusmessige skiller mellom kva jenter og gutar kunne ha lov til.

Men det var endringar frå besteforeldregenerasjonen min. Mine bestemødre hadde ikkje sertifikat. Kanskje var det naturleg utvikling for den generasjonen. I hestetransporten og sykkeltransporten si tid som dei igjen vaks opp med som barn, var det mest menn som var skysskarar. Når køyretøya vart oppdatert frå hestekraft til hestekrefter i motor var det naturleg at det vart mennene som tok sertifikatet. Arbeidsfordellinga i familie og lokalsamfunn gjorde dette naturleg.

Parallelt på heimefronten kom nye hjelpemiddel som skulle gjere arbeidsdagen enklare i hushaldninga, der kvinnene gjorde mest. Men for både menn og kvinner gjekk utviklinga framover med enklare hjelpemiddel på veg, arbeid og heim, til ho på siste halvdel av 1900-talet utjamna kva som var tradisjonelle kvinne og mannsroller.

Ei enkel skisse sjølvsagt. Men det ligg i vår kulturarv og tradisjon å likestille kvinner og menn. Gjer det ikkje?

Så kan eg bli overraska når eg høyrer at i enkelte miljø i Norge, med ulik nasjonalitetsbakgrunn og uten at dei veit om kvarandre, held familiens fedre på at jentene der i huset ikkje skal ha rett til å køyre bil? Og heller ikkje bestemme dette når dei har passert 18 år?

Samtalepartneren min er sjølv første generasjons innvandrar, men kjenner berre den norske kulturen i kvardagen. Ho fortel vidare. "Eg er i heimlandet mitt ein gong i året for å besøke slektningar. Alt eg som jente kan og ikkje kan i Norge er fordi det er slik det er i heimlandet mitt. Men det er ikkje slik der lenger. Jenter har lov til å køyre bil, dei kan spele fotball og gå med bukse. og mange kan og velje om dei vil bruke hijab eller ikkje når dei er vaksne. Så til og med mine foreldre vil lære meg familietradisjonar som ikkje lenger finst i heimlandet mitt. Dei trur at alt er slik det var då dei måtte flykte til Norge. Men det er meir slik Norge er i dag.".

Det kling i øyrene mine liknande historier frå norsk-amerikanarane som held på den norske kulturarven i sitt amerikanske heimland. Dei tar vare på minnene som foreldrene reiste frå, og språket.

Men kvardagen har gått vidare.

Skal kvinner nektast å lære å køyre bil i Norge? Nei, det ekskulderer. Det kan føre til at vi går glipp av enkeltpersonar som kan blomstre for seg sjølv, sine næraste og for samfunnet. Også for meg og andre som ikkje er direkte berørt.



Foto: J Bildøy JOVISJON

PS! Kvinnene som her er nemnt er ikkje frå Saudi-Arabia som er det einaste landet i verda der kvinner ved lov ikkje kan lære å køyre bil på eige initiativ.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits