"Hei!"

"Hei!"

Eg las eit innlegg i ei avis i går om ein som irriterte seg over at han ikkje kunne gå tur på fjellet uten at nokon sa Hei. Han ønskte seg fred og ro, og ville kome vekk frå folk og oppleve den frie natur. Det er naturleg at ein ønskjer å lytte til lydane av naturen, om ein ikkje har øyrepropper på. Likevel så er sansane fokusert på den rekreasjon avkobling i frisk luft kan gi.

Når eg gjekk ein tur på laurdag var det fleire som sa hei til meg før eg rakk å seie det først. Det er altså ganske vanleg å seie hei når vi treffast i naturen framleis. Enten vi kjenner folk eller ikkje. Men når vi treff dei i gatene i det vanlege by- elelr bygdemiljøet kan det vere lengre mellom hei frå dei same personane. Også frå meg, reknar eg med.

Likevel, kva skjer om vi sluttar å seie "Hei!"? Det står i NRK.no i dag ein artikkel om barn og unge som har angst. Dei er ikkje få, dei er mange. Dei gøymer seg i trange rom og opplever staden dei bur som utrygg. Den tryggaste plassen er på rommet sitt, og den tryggaste kommunikasjonen via digital kommunikasjon. Dei treng å bli sett.

Men dei treng meir enn å bli sett, dei treng å bli sagt "Hei" til. Men dei treng meir enn å bli sagt hei til, dei treng å høyre spørsmål som viser interesse for deira interesser, for deira valg til sosiale arena.

Og dei treng meir enn å bli spurt om sine interesser. Dei treng å bli gitt ein kopp te uforbeholden, å få invitasjon til andre rom og møteplassar, uforbeholden og som fritt val. Men dei treng og å høyre at vi kan vere uroa for nokre av vala dei gjer. På ein venleg måte, med eit kvifor. Slik at dei sjølv kan reflektere over det andre seier til dei, og kjenne seg fri og motivert til å følgje det opp. Kjenne seg i stand til å rette antennene sine utover og opne for inntrykk frå andre. Legge til side frykten og skammen sin ei stund, og kjenne på prøvesmaken av å stole på andre ein gong til.

Og kjenne at det lukkast!

Og forebygge at nok eit barn eller ungdom kjenner behov for å skru på musikken på full styrke, tenke på sin heimplass, og kjenne denne melodien hamre laus inn i kroppen som ei hjelp til å forebygge sjølvskading og dempe innebygd smerte: spotify:album:6Q4hHvGjhhvWqUUkd6ZCJO

Det krevst at vi tillater oss sjølv å ha tru på samtalen som verktøy. Lukke til :-)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits