Inkludering av dei "vekkgøymde".

Det finst ingen vekkgøymde i samfunnet vårt, tenker du kanskje. Det gjer det. Mange ulike grupper. Dei er ikkje plassert vekk, men er vekkgøymd fordi ingen kontaktar dei, helser på dei, sender sms til dei, eller "liker" dei på sosiale media.

 

Ein person ringer til eit telefonnummer: "Hei, eg har fått namnet ditt gjennom ei veninne. Du er dyktig på barn og unge, og eg lurer på om du kan besøke ein slektning av meg. Han er litt mykje åleine, og det er så dumt. For han er ein så oppvakt og kjekk ung mann, sosial og hyggeleg. Han har vore aktiv, men eg er ikkje heilt sikker no lenger. Eg skal fortelje kvifor......"

Ein person sit i alkoholrus og prater til ein bekjent: "Eg har ingen vener. Dei som er mine vener er berre mine vener når eg får trygd. Eg har leilighet, og dit kjem dei. Vi møtast, drikk, og forsvinn. Så er det slutt på pengane. Eg veit ikkje kor lenge eg har leigligheta. Det er ikkje lett."

Ein ungdom flytter til ein større stad til liv med hybel og student på høgskule. Det sosiale nettverket er ikkje lenger samla, og studenten skal finne sine eigne vener og møteplassar. Heime vart alle avtalar gjort via Snapchat, men då var dei i same område? Korleis finn eg ut kva som skjer i denne byen? Etter nokre månader grip studenten halmstrået og legg ut eit ope innlegg på Facebook: "VIl du bli vennen min?"

Ei gruppe støttespelarar for utviklingshemma sit og gler seg over all aktiviteten som skjer for og av dei utviklingshemma i bydelen. Dei som er primus motor blir løfta fram og skrytt av. Ein spør: "Det høyres ut som de snakkar om utviklingshemma som kan gå, snakke, gjere ting sjølv. Altså delta på sine premiss. Men kva med dei som sit i rullestol eller ikkje kan snakke sjølv? Kvar er dei?" Det blir stille i rommet. Så seier ei: "Eg har høyrt det bur ein i den blokka der, men eg har aldre sett han ute." Nokre andre nikker. Det er ei gruppe til som deltek lite.

------

Det er fantastisk å bu i Noreg. Vi har mykje, og vi får til mykje for å inkludere kvarandre. Det er ingen tvil om det. Både i det offentlege og private. Men samfunnet har endra seg dei siste generasjonar. Velferdssamfunnet har endra seg frå bygde- og bydelssamfunnet der vi i større grad kjente kvarandre, var opptatt av kvarandre, ringte på døra når vi ikkje hadde sett ein person på ei stund. Alle hadde nok med sitt eige strev, og kvardagen var vanskelegare for fleire. Men dei visste om kvarandre. Nokre grupper vart rett nok sett vekk for å ikkje føre skam over familie eller lokalsamfunn.

I dag treng vi å bli mint på at vi må sjå kvarandre. Det er ein ny type kultur som brer seg inn i vårt samfunn som enkelt kan kallast "ensomhetskulturen/kulturen av einsemd". Den når barn og unge, den når studentar, den når eldre når barn er flytta ut eller etablert sitt eige liv.Å sjå kvarandre er ikkje lenger det viktigaste.

Eg var på ein konferanse for det europeiske evangelisk-lutherske søndagsskulenettverket ELSA i Polen i 1997, der var det deltakarar frå fleire land. Mellom anna nokre unge ildsjeler frå Romania. Då dei såg alt materiellet som Norsk Søndagsskoleforbund (no: Søndagsskolen NORGE) presenterte, sa ei av dei: "Vi treng ikkje alt materiellet. Vi har kvarandre og er kreative saman. Det kostar lite, gjer det sosialt å vere søndagsskuleleiar".

Eg har hatt jamne kontaktpunkt i nettverket sidan. Og av og til stiller eg meg sjølv spørsmålet: Har vi kjøpt oss ut av vanen med å sjå kvarandre og vere til stades for kvarandre?

Eg deler gjerne spørsmålet vidare. For eg trur ikkje svaret er ja eller nei. Men kva er svaret på det neste spørsmålet: "Korleis kan vi løfte fram å sjå kvarandre i vår bygd og bydel slik at talet som kjenner seg vekkgøymde blir redusert: Vi har kvarandre og hjelper kvarandre, det kostar lite og er sosialt?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits