Historier om mobbing på nett!

Ei mininovelle:

Det er vanskeleg, brått er det meg det går utover. Eg trudde det var ein heilt vanleg skuledag som eg kunne gle meg til. Eg gjorde det. For det er så kjekt å gå på skulen! Vi er eit ganske stort miljø, men vi bryr oss om kvarandre. Eg syns han eine læraren vår fortalte om Røde Kors sitt arbeid for andre, og så om Redd Barna sitt, på ein slik måte at eg har lyst til å kanskje vere aktiv der når eg blir eldre. Eg kan bry meg litt. Men det var før det som skjedde i dag.

Det var så rart, eg kom inn på skuleplassen og helste som vanleg. Og dei som var på fotballbana helste som vanleg. Fortballbana er nærast porten inn til skuleplassen.eEg leita etter kameraten min, det var noko morosamt som hende i går kveld som eg måtte fortelle han. Eg hadde sendt ein snap til han med bilete. Men det er ikkje det same som å le saman med han face to face. Som vanleg screenshotta han det, det gjer han alltid. Men eg fann han ikkje med ein gong. Ser han i klasserommet, tenkte eg, og gjekk og prata med nokre andre. Eg går i 7.klasse og vi har lov å ha mobil i friminutta på skulen. No skulle det snart ringe inn, og så peip det i min. Med det same snudde dei andre seg og vendte ryggen til. Eg tenkte ikkje over det, før eg såg meldinga som stod der. "Det er nokon som har sendt ein dårleg spøk", sa eg. "Men han er nok sendt feil. Skal eg lese han opp?" Alle dei andre snudde seg samstundes og sa samla "Vi veit kva som står der, og det er til deg." Så gjekk dei.

Eg vart ståande att fullstendig overraska. Eg skjøna ingenting. Eg såg på meldinga og tenkte "Hæ!?". Så ringte det inn. Ein ny type spøk tenkte eg, i det klokka ringte inn. Eg gjekk inn i klasserommet, og merka at alle var annleis. Kva var det som skjedde? Var det noko eg ikkje hadde fått med meg? Seinare skjøna eg at det var det. Men eg fekk aldri vite kva det var. Men eg fekk vite kva som skjedde. Alt skjedde, og ingenting. Når skuledagen var slutt hadde eg framleis ikkje fått med kva som skjedde. Ingen ville fortelle noko heller. Eg fortalte det heime, og mor sa at det går nok over. Og eg tenkte at det gjer det. Eg prøvde å gjere lekser, men klarte ikkje å konsentrere meg om lesefaga. Så eg gjorde berre matten.

Då eg skrudde på pc-en for å logge inn på spelet der eg og nokre vener var på lag, kom det melding om at eg var kasta ut av laget. Då fekk eg ein dårleg magefølelse. Kvifor gjorde dei dette mot meg? Hadde eg gjort noko galt mot nokon? Ikkje så eg visste om. Kanskje var det ein feil i programmet. Eg restarta, men meldinga var der framleis. Eg var ikkje lenger ein del av laget. Og vi som hadde nådd så mange levels!

Det plinga i mobilen. Eg sjekka snappen med bilete av nokre pynta klassekameratar. "Kor e du?" Eg svarte at eg var heime. Men kor var dei? I det eg sendte svaret plinga det på nytt: "E'kje du i bursdagsselskap?" Så kom dei ein ny snapp "NEI, FOR DU E'KJE INVITERT, men det er resten av klassa!". Og så ein ny snapp frå alle jentene med trutmunn "Kos deg åleine uten oss". Eg la meg i senga. Eg var utvald. Nokon hadde foreslått det, og eg kunne ikkje gjere noko med det...... Eg sovna av utmatting nokre timar seinare.

---

Mor og far oppdaga etter nokre dagar at eg ikkje var ,meg sjølv. men eg sa at det var sikkert frukta eg fekk på skulen. Eg syns ho smakte litt rart.

---

Etter nokre veker sa mor at eg måtte sette meg ved kjøkkenbordet. Enten fortalte eg kva som var gale. Eller så måtte eg til legen. Eg såg ikkje frisk ut. Det var sant, eg sov ikkje særleg godt. Ingen i klassa helste på meg lenger. Eg var på ein måte isolert. Bestekameratane mine var iallefall ikkje det!!

---

Mor og far har krevd møte med klasseforstandar, rektor og dei andre foreldra i klassen. Dei fekk ikkje mykje forståing. Nokre sa at dei skulle snakke med sine barn, medan andre sa at slikt dreiv ikkje deira barn med. "Dei hadde ikkje så uforskamma ungar". Klasseforstandar og rektor sa at noko var det som plaga meg. Eg gjorde leksearbeidet mykje dårlegare, og var alltid trøytt. 

.---

Mor mista nattesøvnen, det vart ingen endring etter foreldremøtet. Far gjekk lenge oppe før han klarte å legge seg. han inviterte meg inn på stova til saft og snacks. "Det er betre å prøve å få vekk dei dystre tankane og opplevingane, for ei lita stund. Enn å streve med å få sove. Då sovnar vi kanskje raskare etterpå."  Det gjorde vi faktisk. Dette vart lyspunkt i det som var blitt kjempevanskeleg. Eg ville ikkje prate med mor, og ialleflall ikkje med far. Men dei stilte dei rette spørsmåla, og kjente at det var vanskeleg å vere tøff. Så eg fortalde. Og så begynte eg å gråte. Eg var overraska over at det kjentes godt, og ikkje pinleg. Men første gongen klarte eg ikkje å stoppe heller. Det var så vondt alt saman, så eg berre gråt. Trykket i kroppen forsvann på ein måte. Men det slutta ikkje på skulen.

----

Rektor kalla inn til nytt foreldremøte. Pliktig oppmøte med politi. "Vi har eit reglement og ei opplæringslov som seier at vi skal ta vare på den enkelte elev. Læringsmiljøet skal vere godt. Sidan vi ikkje har fått noko svar sidan sist foreldremøte har vi valgt å kalle inn politi". Mor og far kom heim og var letta, politiet hadde sagt kva prosedyrer som gjaldt vidare. Og i og med at politiet var kobla inn etter øsnkje frå rektor, måtte dei andre foreldra følge opp sine barn med spørsmål. Enten dei likte det eller ikkje. Kanskje det blir betre no, tenkte eg. Men det vart verre. Sjølv om eg ikkje hadde noko med å få inn politiet å gjere, lot klassa det gå ut over meg. Eg tenkte - dette går ikkje lenger.

---

Politiet har kalla alle elevar og foreldre inn til avhøyr. Det kom fram noko i ein samtale som gjorde at dei beslagla mobiltelefonane til alle i klassa. Min også. men rett før fekk eg ein snapp "SLETT ALT, ELLES......!!!"  Men det kunne eg ikkje. For mor hadde tatt over mobilen min for lenge sidan, for å vere sikker på at eg ikkje sletta bevis.

---

Mor og far har tatt meg ut av klassa, eigentleg ut av skulen. Sidan vi bur nært ein anna skule, skal eg flytte dit. Dei håper at eg får lyst til å gjere litt lekser, og få nokre nye vener før ungdomsskulen. Alle mine tidlegare klassekamerater og veninner har fått bot. Politiet sa også at hadde dei vore eldre kunne dei fått fengselsstraff, men eg veit ikkje meir enn det. Mor vakna i dag og var i betre humør enn på lenge. Ho laga vafler til frukost.Ho har hatt god tid i det siste, for ho har ikkje klart å gå på jobb. Kanskje ho vil prøve igjen i morgon, seier ho. Far og eg syns det er godt å ha saft og snacks-kveldar enno. Eg sov ganske godt etterpå. Det går greit på den nye skulen, men eg kjenner ein klump i magen heile tida. Eg veit ikkje kor lenge eg vil kjenne på klumpen.

------

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits