Vi bedømmer etter førsteinntrykket.

Ho ser kjekk ut, tenkte eg. Eg spør om eg kan sette meg ved bordet hennar. Eg var ikkje ute etter å sjekke nokon, men var ny i bygda og tenkte at "ja, noko må eg prøve for å bli kjent med folk". Og lunsjpausen frå kontorarbeidet på kyrkjekontoret var greit å ha på kaféen.

"Kan eg sette meg her?" spurte eg.

"Ja, værsågod", svarte ho med eit smil. Langt mørkt hår med tett bølger. Kanskje omtrent på min alder tenkte eg, eg må jo prøve å få vener.

"Bor du her?" spurte eg.

"Ja, no gjer eg det. Men eg fra 20 mil nordom her, og har ikkje budd her så lenge", svara ho.

Det vart starten på ein fin prat, lett og ledig tone. Nokre felles interesser fann vi også, og grunnlaget for å møtast igjen var. der.

Førsteinntrykket av det ytre stemte med den kjekke lunsjpausen vi fekk. Det viste seg også at eg nettopp hadde blitt kjent med søstera. Like kjekt og like sosial.

Men det var gjennom søstera meldinga kom 3 dagar etter. Først såg eg det i avisa, at nokon var forsvunnen. Så stod det ikkje meir. Før søstera sa kven det var som hadde tatt sitt eige liv. Og eg har tenkt: Kva var det ikkje såg? Ville eg klart å sjå smerten hennar om eg prøvde? Eg fann ut at det ville eg ikkje. Ho var truleg inne i fasen der alt  var bestemt, og var trygg på si avgjerd. Då kan ein slappe av og vere sosial, til det er fullbrakt. 

For meg vart det ei ny drivkraft til å leve, og gjere mitt for motivere andre. Har eg klart det? Sikkert både ja og nei. Eg overlater til andre å bedømme det.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits