Kvifor eig eg min fjerde Toyota?

Eg eig min fjerde Toyota fordi det er bilar til å stole på. Med min første, min tredje og min fjerde, har eg fått vite at denne går ikkje. Det stemmer, dei har alle hatt kvar sin gong der dei stoppa uventa. Det har kosta tid, pengar og frustrasjon. Ein frustrasjon er at det er mange som eig Toyota, noko som forlengar ventetida på verkstad. Men det verste er å måtte omdisponere kvardagen når eg har godt over 100 reisedagar i arbeid årleg.

Kvfor eig eg så min fjerde Toyota?

I det siste har begge våre bilar fått skader. Begge må stå lenge på verkstad. Konklusjonen er at det er kanskje ikkje slik at Toyota er betre enn andre bilar? For den eine har eg ikkje forsikring som dekker dei skadene som oppstod. For den andre har eg. Skilnaden er store i kostnader for meg. Kr 40000,- for den eine + leigebil og andre kostnader. Kr 0,- inkl leigebil for den andre.

Kvifor eg eg då min fjerde Toyota?

Det viser seg at sjølv om bilane fekk køyreforbud der og då pga av skadene, kunne dei køyrast opp til 50 mil likevel. Med defekt motor. Det er ein grunn til at eg liker Toyota. Dei andre er kundeoppfølging. I nærkontakt med to forhandlarar er det godt å vere kunde der. Eg blir behandla like godt no som då eg kjøpte bilen.

Men dei andre grunnane ligg hos forsikringsselskapet eg har. Det løner seg å ha Bil+ forsikring, då vart kostnaden kr 0,-. Den andre bilen eg har var for gammal til å få Bil+ forsikring. Det kosta dyrt, men eg skal ha bilen likevel.

Den eine vart påkøyrd bakfrå. Forsikringsselskapet fulgte opp før eg fekk gjort noko anna enn å levere skademelding.
Toyota har eg fordi kundebehandlinga er bra både der og hos Gjensidige.Og fordi eg kan køyre ein Toyota lenge sjølv med defekt motor. Det er også kvalitet.

Men Toyota og Gjensidige er ikkje åleine om å ha det, vil eg tru :-)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits