"Prognosen min er å dø"

Kva gjer eg når ein person haikar?

Tar denne på.

Det kjekke med haikarar, kort eller lang tur, er at det blir ein samtale av det. Samtalar som eg aldri veit utfallet av. Det blir som det blir, eg stiller eit spørsmål. Og så blir svara og det som blir sagt vidare ein samtale av interessant format. Eller så rekk eg ikkje å stille spørsmål, fordi haikaren er så glad for å få haik at dette blir uttrykt med ein gong. Og så held haikaren fram med kvifor ein haikar denne gongen. I dag skjedde det siste. Men det vart rom for spørsmål også, og litt prating når eg stoppa bilen ved målet til haikaren.

Den eigentlege årsaken til at haikaren haika i dag vart avklart i fjor. Då kom meldinga om sjukdomen. Sjukdomen som kan påvirke minnet. Sjukdomen som kan behandlast for demping, men ikkje slettast frå kroppen. Og når haikaren seier at denne sjukdomen har prognose på 18 månaders levetid, og det er eit halvt år igjen. Då blir det naturleg å spørre om eg kan kan ta med vedkomande og familien i bøn.

Dagen biir annleis med denne type haikar, og når eg kjenner haikaren.

Men det er og det som gjer det verdifullt å stoppe og tilby skyss til dei som treng det langs vegen :-)

2 kommentarer

laylow x 👀

28.08.2015 kl.14:06

God helg ♡

Jostein Bildøy

09.09.2015 kl.21:55

laylow x: Det er snart ei ny helg: God helg til deg også :-)

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits