Kathrine Webb - mitt reisefølgje i bil i eit par månader!

Det var overraskande å ha denne dama i bilen på mine oppdrag i vekevis. Ho var med litt i haust og, men måtte ha eit opphald. Relasjonen mellom oss vart til ved ein tilfeldighet. Eg såg henne stå der, og inviterte henne inn i min bil. Ho starta å fortelje si historie, eg lytta. Det tok lang tid, men historiene var fengande og eg ville gjerne vite meir om det ho fortalde. Så eg lytta. Levande fortalde ho meg om flytting til Italia, oppvekst i England, om tidlegare kvinnelege forkjemparar i Storbritannia som lkjempa for likestilling. Om pretefruer, rikmannskvinner og fattigjenter og dramatikken rundt desse. Og Kathrine Webb sin relasjon til dei. 

Med levande og gripande forteljarkunst gløymte vi nesten å ta pauser på bilturane. Vi var i bilen på ferjene. Stoppa berre praten når vi måtte. 

Det vart levande alt ho fortalde. Eg fortalde om henne til kona mi. Ho vart gripen av Kathrine Webb også, og ville bli betre kjent med henne. Så når ho ikkje hadde fleire historier å fortelje i bilen, lånte kona mi henne heim. Der fekk ho presentert dei same historiene på ny. 

Det er interessant når forfattarar fører pennen på ein slik måte at du blir gripen. ei lydbok på 15-18 timar blir lett å høyre på. 3 bilturar, og eg MÅTTE ha meir av henne. Heldig for meg har alle hennar 5 bøker som er oversett til norsk, er kome ut som lydbøker. Når mine bilturar til kvardags er lengre enn gjennomsnittet, er det godt å ha god litteratur å lytte på. Som alternativ til radio og musikk.

Og for ein gong skuld, til overrasking for både meg og mi kone, fulgte ho opp ei anbefaling frå meg om å lese ein ukjent forfattar.

Les Kathrine Webb. Du vil ikkje angre.

"Det du ikkje ser", til norsk i 2012. Og som lydbok.

"Arven", til norsk i 2012. Og som lydbok.

" En sang fra fortiden", til norsk i 2013. Og som lydbok.

"Det forbudte barnet", til norsk i 2014. Og som lydbok.

"Italienske netter", til norsk i 2015. Og som lydbok. Les her

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits