"Hei! Køyrer no gjennom ditt rike!"

Meldinga kom frå ein tidlegare kollega via Messenger. Han hadde passert fylkesgrensa til Sogn og Fjordane frå nord, på veg til Bergen. Førde er kommunen her eg bur, men "mitt rike" er for kameraten min Sogn og Fjordane. Då vi var kolleger var fylket min kvardagslege arbeidsplass, med alle 26 kommunar på kartet. 

Førde ligg langs E39, midt i leia mellom dei viktigaste byane og regionane på Vestlandet og Nordvestlandet. Det er mange som køyrer her, og mange som køyrer gjennom som har kjente her. Det er slik at det ikkje alltid er lett å besøke alle ein kjenner langs vegen, når ein er på reise. Det var ikkje slik på 70-talet, og det er ikkje slik i dag. Og vi er ganske like på det rundt om i vårt land, trur eg. 

Ekstra kjekt blir det då når nokon tar seg tid til å sende ei melding om at dei er på gjennomreise. Det byr på sjansen til å møtast. Så også for oss.Eg var i Bergen då meldinga kom, akkurat på veg heimover, så eg spurte kor langt dei var kome for å vurdere ein møteplass. Men når vi fann ut at møtepunktet var i vegarbeidsområdet mellom Sande i Sunnfjord og Vadheim, vart det vanskeleg. 

I staden vart dei våre gjestar på returreisa, med servering som avtalt oss i mellom. Kjekt å ha kontakt med gode kolleger frå mange år i same organisasjon. Det fristar å ta ei gjennomreise via Nordmøre i nær framtid!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits