Viktige treff på 1881.no

3 treff - alle lever.

 

Den første personen møtte eg på bibelskulen i mitt andre skuleår i 1990. Nettopp rusfri, og med store sosiale utfordringar. Han har eg møtt at mange ulike mellomrom fram til 2000. Han budde på overnatting då det skar seg med kona, i den perioden vi tilfeldigvis budde i same landsdel. No ser eg på 1881.no at han har iallefall bustadsadresse og tlf.nr i sin heimkommune.

Den andre personen traff eg i andre halvdel av mitt andre år på bibelskule vren 1991. Han var tidlegare rusmisbrukar, hadde eit barn som han hadde jamn kontakt med. Han budde i byen skulen låg, og kom til undervisningane. Eg ar ikkje sett han eller høyrt frå han sidan avslutningsfesten. Men han også har adresse og tlf.nr i heimbyen.

Begge desse gjekk bibelskule fordi dei kom til tru på Jesus i forkant, og ville lære meir om det å vere kristen. Dei to åra lærte eg at dei endringane det kan medføre å bli kristen og få følelsen av å bli fri, dei kan bli for kontrastfylt og for godt. Det første året på bibelskulen opplvde min beste kamerat det slik. Kontrasten vart for stor, livet for Jesus vart for usannsynleg trygt, han tok livet sitt - og kom heim til Jesus fort.

Den tredje personen vart eg kjent med der eg budde nokre år. Han gjekk forbi bedehuset der eg hadde møte, og eg inviterte han inn. Han satt seg bakerst, eg tok ein prat med han etter møtet. Han fortalde kvar han budde - eg oppsøkte han. Han hugsa ikkje at han hadde fortalt kvar han budde. Alkoholen eller angsten tærte på minnet. Brakka han budde i var roten i gulvet, uten straum, uten vatn. Det var -20 grader ute. Vi fekk ein god prat. Ingen andre enn eigaren av brakka tilbaud han overnatting. så han var takknemlig. Venta på ny sosialbustad med kommunen. Ein stille person. Han kom på besøk. Han måtte sette alkoholen utanfor inngangsdøra, då fekk han kaffi og mat inne. Og salmesang. Han kom med vener frå rusmiljøet. Dei ville ikkje gå før dei fekk salmesang. Etter det gjekk dei med tårer i augene. Eg besøkte han i sin nye sosialbustad. Det gjorde vener også. Det vart festing og bråk og naboklager. Eg hjelpte han å vaske ned husværet når kommunen krevde det. Eg kom på besøk i det han skulle henge seg. Han mista husværet. Nokre dagar fekk han bu hos oss, meg og kona. Vi hadde ingen barn då. Han fann lyspærer midt på natta som han skulle knuse og kutte pulsåra med. Då prata vi saman, men han måtte ut av huset. Eg hjelpte han til eit rehabiliteringssenter. Men andre laga pøbel og bygda protesterte. Han og dei andre måtte reise. Rehabliteringssenteret vart lagt ned. Han kom tilbake blakk. han fekk ingen ny bustad. Søstera hjalp han motvillig med hybel i heimbygda. Kriteria var knallharde - hald reint sjølv, og ingen festing i huset. Vi flytta frå landsdelen uten å kunne nå han. Med vårt første barn. Vi kunne med barnet uansett ikkje lenger arbeide med rusbmisbrukarane på denne staden.

Den tredje personen har eg tenkt mest på sidn 1994. Eg fann bustadadresse og mobilnr. på 1881.no,

Eg tenkjer på mine vener som tok livet sitt også. I rus. I 1987. I 1990. I 1991 (kanskje han vart drepen? Han hadde narkogjeld). Og dei andre som har døydd unge av mine kjente: I 1982, i 1992. i 1993. I 2007. I 2011. I 2014. Familiemedlemer kjem i tillegg.

Men tre lever ifølge 1881.no. No står det kanskje att å ta ein telefon. Høyre korleis det går, og finne ut kva som har forandra seg?

JB

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits