Einsemd - 2 foreldre-eit barn- eit rom-30 månader.....

"Kom på besøk til oss!"

"Vi bur i blokk K4 leilighet 354 i 4 etasje.Du er hjertelig velkomen på besøk!".

Einsemd. Den unge familiefaren er oppriktig einsam, saman med kona si og det unge barnet. Å vente i over 2, og eit halvt år på brevet som fortel om dei er velkomen til lndet vårt eller ikkje. Det er lenge å vente på ei brev i ein kvardag der venting ikkje er definert pr minutt, timar, eller månader. Men i tida det tar å klikke på svar og respondere med ein tekst eller eit bilete.

"Vi har venta i over 2 og eit halvt år, dei andre frå landet vårt har fått svar etter 1 år, litt mindre eller litt meir. Vi har venta meir enn dobbelt så lenge, og veit ikkje kvifor." "Vi bur alle tre på det eine rommet, og det er ikkje bra. Så kom og besøk oss, ver så snill".

1 rom, ei eldre murbygning. Fleire etasjer, fleire nasjonalitetar. Smertehyl, gledeshyl, frustrasjonar, barnelydar, sinte lydar, gråt, oppmuntring, latter, undering, venting. "Du får nook svar!" "Det tar så lang tid, kvifor må vi venet?" "Styresmaktene veit alt, kva meir må dei vite?" "Vi kan ikkje gjere nokon ting, berre vente."

Boka til Marie Ameli "Ulovlig norsk" fortel om korleis det er å vente. Å vere heilt vanleg familie som har flykta frå noko vondt, til å bli satt på vent i draumelandet i eit lite rom. Kor lenge? Ikkje blir ein førebudd til å bu i det nye landet med særlege ressursar, og ikkje blir ein førebudd for eventuell returreise.

Vondt? Angstframkallande? kompetansehevande? Motiverande familiebygging? Barnets beste?

Kvar er vi på veg etter brevet?

La oss be....

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits