Sist i ein mørk kinosal

Mørkt?

Vi var ikkje kome ut av kinoen, og så vart lyset skrudd heilt av? Hadde vi kunne sprunge til døra saman med alle andre ville det vore greit. Men det kunne vi ikkje. Ein av oss hadde ein elektrisk rullestol. Vi var på veg gjennom slusedørene framme i kinosalen, då vi oppdaga at den ytterste var låst. Vi kom oss ikkje ut!! Vi rygga tilbake inn i kinosalen, og eg skulle springe opp, bak og ut til resepsjonen i hovudinngangen. Då lyset vart skrudd av. Eg kunne ikkje forlate min son åleine i mørket, tenk om dørene låste seg automatisk og eg ikkje kom meg tilbake til han? Uten språk og styrke i kroppen var det fint lite han unne gjere i situasjonen.

Det var ingen grunn til frykt, meir overrasking. Så eg sa til til min son at vi måtte vel prøve å kome oss ut i lyset? Han såg på meg og smilte. Vi køyrte rullestolen hans fram slik at den første slusedøra til kinosalen ikkje kunne smekke igjen og låse. Den ytterste var framleis låst, og banking på denne førte ikkje fram til reaksjon frå utsida. Då var det eit val igjen. Å sjekke om dobbeltdøra let seg opne med makt. Det gjorde ho. Ho var heller ikkje sikra i tak og golv. Dørene gjekk opp, og eg følte meg som ein innbrotstjuv på rømmen etter eit oppdrag. Dørene var framleis låst, så når eg lukka dørene la den eine seg utanpå den andre. Slik kunne eg gå inn igjen og styre rullestolen ut gjennom alle dørene. Er ytterdøra også låst? Spurte eg meg sjølv. Ja, men den kunne eg låse opp innanfrå. Så vi gjekk ut, opp til resepsjonen og gav beskjed. Om at vi akkurat kom ut frå kinoen etter siste film. Og at det tok litt tid fordi lyset i kinosalen vart skrudd av før vi kom oss ut. Dørene vi skulle ut av var låst, dei vart opna med makt og står no opne heilt ut. Eg ba henne gi beskjed til kinovakta eller vaktmesteren så dette ikkje skjedde seinare eller med andre. Det trur eg ho gjorde. Iallefall for å få låst dørene etter oss.

Det vart fleire kinobesøk seinare. Førdehuset lærte. Dette var i 2005.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits