Tom buss - trangt om plassen!

"Hei, kan eg sete her? Det er så få ledige plassar på bussen:" "Værsågod," seier eg i det eg ser meg om i bussen. Det er kun andre passasjerar der. Han ser på meg, viser fram lommelerka i innerlomma, og unnskylder seg med at han blir ofte tørst.  Vi blir sittande og prate om kor vi skal, og eg får vite at han eigentleg bur i Oslo. Han har slitt med alkoholisme i mange år, og fortel om korleis han syns rusmiljøet endrar seg. "Det er meir blanding med andre stoff i dag, seier han. Det er ikkje bra, dei unge blir meir deprimerte av det og kan få fantasiar som gjer dei agressive." Han ristar uroa på hovudet. Så ser han meg rett i augene: "Er du kristen?" Eg svarer som sant er at det er eg, men eg skjønar ikkje korleis kan ser det i augene. Eg har ikkje vore det meir enn i nokre månader, og mykje er usikkert. "Det er glansen i augene" seier han, finn fram lommelerka og tar seg ein slurk. Så kjem ei historie om håpet - håpet om ein annan kvardag enn behovet for å drikke. Om korleis familien forsvann, og jobben...

Vi er framme ved ferjekaia. Eg skal over fjorden, han skal vidare inn til sentrum av byen.

Så møtast vi på ny!

Med nokre medstudenter har eg tatt ein helgatur til Oslo. I det vi går framfor Oslo S ser eg ein skikkelse eg drar kjensel på. Han er meir lutrygga og sjuskete. I det eg nærmar meg seier eg "Hei, har ikkje vi møttes før?" Han ser forvirrande på meg, og seier det trur han ikkje. Eg nemner nokre av samtaleemna som gjorde inntrykk på meg. Han rettar seg gradvis opp. "Det stemmer at det er meg du snakkar om, men alkoholen gjer noko med hukommelsen min. Beklager." Eg spurte korleis det hadde gått med ønskjer om å søke hjelpe av Frelsesarmeen, slik han snakka om. Det hadde ikkje gått så bra, det var vanskeleg. Vanskeleg å finne motivasjon og hugse kor viktig det var å spørre om hjelp. Eller å klare det. Det var ein grunn for at han var fange av alkoholen. Tårene kom fram i han, vi snakka saman ei lita stund til. Så sa vi farvel.

Vi møttes aldri igjen.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits