Belgiaren: "Folk i Noreg endrar seg"

Ved Fokstumyra, rett nord for Dombås, stod han og rette ut handa langs vegen. Det var morgon, og eg stoppa. Han skulle til Trondheim, og eg sa at eg var på veg dit. Han var velkomen til å sete på heilt fram. Lydboka vart skrudd av, og vi starta ein samtale som varte i tre og ein halv time. Det vart til ei lita historisk reise om samfunnslivet i Belgia. OM koreis dei to etniske folkegruppene som alltid har levd side om side, gifta seg med kvarandre og vore einige om å sta saman om landet si framtid. Og korleis dette har endra seg til å skape vanskar for unge som blir kjæraster og vil gifte seg, men der den moderne politiske splittinga mellom folkegruppene gjer at dei blir uglesett og ikkje ønska velkomen til den eine eller andre familien. Naboar har flytta fordi dei rundt høyrer til feil folkegruppe. Graset er blitt grønare på fransk side av grensa, syns dei som har røter til Frankrike. Og ønskjer å styre belgisk politikk nærare mot fransk samarbeid.

Men samtalen leia også inn på korleis det er å vere haikar i Noreg. "Folk har endra seg berre på få år. Då eg studerte i Trondheim for nokre år sidan, var det lett å få haik til samanlikning med denne turen. Eg kan stå i mange timar før eg får haik no. Det gjorde eg ikkje før." Men haiking er rimelelig, det er sosialt, det er spennande, og eg kjem fram til målet, sa han vidare. Er det trygt? Spurde eg, som sjølv hadde tatt han på. Eg kunne spurt om det motsette: Veit du at folk sluttar å ta på haikarar fordi dei trur haikarar har vonde planar? Men eg stilte ikkje det spørsmålet denne gongen.

Samtalen dreia i staden inn på Noreg som eit kristent land. Belgia er eit kristent land, dei kyrkjelege høgtider er vi saman om. I Noreg er alle festar personlege, korleis er det muleg å gjere alt privat? Samtalen held fram om personlege emner. Det er mykje ein rekk å samtale om på tre timar. Men like flott er det å oppleve at haikaren sovna. Det skal vere trygt å haike, syns eg.

Framme ved Bispegården ved Nidarosdomen parkerte eg, klar for å gå inn til mitt møte. Eg ønskte han lukke til og godt opphald..Og var klar til å låse bilen då han sa: "Eg har ei gåve til dei som eg har fått haik med, vil du ha ei flaske belgisk vin eller noko belgisk sjokolade?" Eg valgte belgisk sjokolade. Belgisk vin høyrtes interessant ut, men vin er ikkje min sterke side.

Vi forlet kvarandre på haikar og sjåførs vis, uformelt og fornøgde. Takk for turen!

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits