#Haikaren frå #Slovakia som vil bli #pensjonist i Noreg!

Ein novemberdag 2014:

Hei, kan eg sitte på til Olden? Eg beklager, eg kan nesten ikkje prate norsk. Kan du tysk eller engelsk? Det strøymer på med ord i det mannen opnar døra og ser inn i bilen. Ja, stig inn, det går fint, svarar eg. Eg forstår tysk, men pratar engelsk. Tusen takk, tusen takk. Eg har vore til legen og fått medisin. Det er bra. Men så har eg ikkje bil og bor i Olden. Han snakker mest engelsk, og litt tysk. Kan du tysk? spør han igjen. Nei, men eg forstår det litt. Svarer eg. Eg har nokre spørsmål, men kjem ikkje til orde heilt enno. Ja, nei, seier han, eg arbeider på Nordfjord Kjøtt i Olden, men lærer for lite norsk. Er norsk vanskeleg å lære? spør eg. Nei, det er ikkje vanskeleg, men vi er for mange frå Slovakia som arbeider på Nordfjord Kjøtt. Når vi er på jobb trenger vi ikkje snakke norsk, det går bra med slovakisk. Det er eit problem. Det er fint at vi er mange frå Slovakia, men det er ikkje bra at det gjer det så vanskeleg å bli integrert. Du verden, tenkjer eg, her lærer eg mykje. Kor mange er de som arbeider hos Nordfjord Kjøtt? spør eg. Vi er 320 frå Slovakia, 10-20 frå Moldova og nokre fleire frå Polen. Og så nokre norske. Orsak, kor mange frå Slovakia, sa du? Vi er 320 arbeidarar frå Slovakia som arbeider der, og så er det 500 frå Slovakia som bur i Stryn kommune. Oj, seier eg, det visste eg ikkje. Han held fram: Eg har budd her i 7 år med kona mi. Men no er ho heime i Slovakia som barnevakt for vårt siste barnebarn. Vi liker oss i Noreg, det er fint å bli gammal her.  Eg har arbeidd i mange år i Tyskland, dfior har eg lært meg tysk. Og så var eg 7 år på ein kjøttfabrikk i Irland. Så fekk eg jobb her. Her er det veldig bra.

Vi køyrer vidare, pratar om litt forskjellig. Så er vi framme ved huset der han bur, det er verdt den lille ekstra turen å køyre haikaren min heit fram til bustaden hans. Samtalen var lærerik og flott. Nordfjord Kjøtt har fått pålegg om å rette manglar ved interne tryggleiksrutiner. Haikaren min var likevel fornøgd med arbeidsplassen. Han har erfaring nok å samanlikne med. Så då er det likevel eit godt teikn, at samanlikna med andre nasjonar tåler norske arbeidsplassar å få peika på feil innimellom. Det er likevel godt å arbeider her, og bli pensjonist her.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits