#Englar og #agentar!

Det er flott!

Små agentar har med seg lommelykt, lupe (forstørringsglas), støvlar og jakker. Dei er klare. Klare til å utforske det sjefsagenten gir av oppdrag. Først må dei opne i luke, og kjenne at kulden brøytar seg veg opp av holet. Nokre stønnar av kontakten med kulde, andre kikkar ned i det gapande holet. Mørkt. Kaldt og mørkt. Er oppdraget der nede? Ja, Ok. på med lyktene. Alle fokuserer på å kome seg vidare. Mørke og kulde skal ikkje hindre små agentar i viktig oppdrag. Alle er klare samtidig og vil ned luka samtidig. Det blir for trangt, dei må organisere seg. Gå i rekke. Ikkje for nær kvarandre, trappestigen er bratt. Ingen må snuble. Dei går for nær kvarandre likevel. Dei har ikkje tid å vente. Kva skjuler seg under luka? Dei som har kome ned trappa forsvinn i mørket for dei som framleis står og ventar. Kva er der nede? Til slutt er alle nede. Men kvar er alle? Det er trangt, det er spor av gamle ting. Veldig gamle steinar står der, dei held visst oppe søylene som støttar takbjelkane i bygget over. Men det er noko kvitt på steinane, kva er det?

Dei siste agentane følgjer lysa til dei framfor, og fotspora. Fotspora på jordgolvet er tydelege. Nokre er svært gamle. Kor gamle kan dei vere? Plutseleg er det nokon som ropar: Eit oppdrag! Alle lyktelysa svingar hit og dit i det alle små agentar stimlar saman for å få med seg oppdraget. Kva står der? Fotspor? Gamle steinveggar? Munnane pratar om kvarandre. Eg såg eit spor på jordgolvet i stad, kan det vere 2000 år? På denne steinen er det noko kvitt, er det noko av den gamle veggen? Var steinveggane gamle? Ja, nesten 800 år! Kanskje det er gammal kvitmaling? Her er støvlespor som må vere 1000 år! Så lenge har det ikkje blitt laga støvlar. Men likevel, desse ER gamle!! Dei små agentane tar oppdraget på alvor. Lupene er framme og lommelyktene blir fokusert så dei lyser optimalt på kvart einaste område som blir utforska.

Englane krinsar rundt trappenedgangen, dei står og pratar med sjefsagenten. Fascinert av agentane sin iver. Sjefsagenten samlar dei ivirige agentane rundt seg. Kva fann de ut? Svar og løysingar, kritiske merknader og engasjerte rop fossar mot han. Englane smiler. Oppdrag utført, seier sjefsagenten. Tilbake til basen. Agentane stimlar seg i ny uorganisert kø for å kome opp gjennom luka. Nokre skrur av lyktene litt for tidleg, dei snublar litt i det bråe mørket som oppstår før første trappesteg. Så kjem dei seg opp med hjelp av englane som gjer mørket trygt.

Tilbake på basen er agentane klare for neste oppdrag. Det skal utforskast i over 1000 piper og knakande bratte tretrapper og metallisk klang, før alle oppdrag er utført.

Det er spennande å vere tårnagent i Naustdal kyrkje. Kvart år. Og ryktet om alt som enno ikkje er oppdaga der inne går frå årskull til årskull.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits