Mi drøymekvinne - skitten, og sikkert død.

Tilbakeblikk!

Vi gjekk der og beundra det storslagne sentrum av New Dehli. Salsboder langs fortaua med ferdigpruta prisar. Prøvde vi å prute, og det måtte vi jo, fekk vi fornærama uttrykk tilbake. Vår indiske venn som kort tid før hadde invitert oss til eit storlagent mellomklassebryllaup i tradisjonell stil, gjekk saman med oss og viste stolt fram dei flotte forretningane. Kun for rikfolk, med andre ord heilt vanleg for nordmenn. Men brått stod ho der med handa strekt fram. Hadde vi ein mynt? Det var det skitnaste mennesket eg hadde vore i kontakt med så langt i mitt liv. Eg stod som paralysert, vi hadde kun vore få dagar i India, og dei enorme skilnadane mellom fattige og rike, kastesystemet, hadde ikkje festa seg enno. Vår indiske ven såg ikkje ut til å legge merke til ho. Han var opptatt av å sjarmere min medstudent (og det forstår eg), og fortelje oss vidare om det vakre ved byen.

Så grå kle, tenkte eg. Dei kan aldri ha vore vaska. Eller? Så grå hud, har ho ikkje tilgang på vatn? Kor lenge kunne klea halde seg saman før dei gjekk i oppløysing? Så såg ho på meg. Det var det vakraste andlet eg hadde sett. Innanfor det skitne grå ytterlaget utanpå den brune huda. Eg tenkte: korleis kan ei så vakker kvinne vere så fattig? Det stemte ikkje. Eg stod og såg på henne, og vart bergtatt. Og gripen av sorga. Større avstand mellom to mennesker kan ein sjeldan oppleve. Eg rakk å tenke at henne kunne eg bedt med heim til Vestlandet. Men det var alt eg rakk å tenke før fornuften kom inn. Korleis ville ho klare det? Bakteriefloraen var annleis, helsestellet annleis, kultursjokket ville vere ekstremt. Alt ville truleg bli oppfatta som så uverkeleg at det ikkje ville vere levleg. Frå å bli sett på som luft i gatene i New Dehli - til å få full aksept som kvinne og medmenneske i eit norsk samfunn. Det ville ikkje gå. Men så flott ho var!

Vår indiske ven hadde lagt merke til henne, og vinka henne vekk. Ho stod litt til, rakte fram handa og bad om nokre myntar. Eg kunne ikkje gi. Vi var godt synleg for mange andre tiggarar, og vi hadde blitt bedt av den norske ambassaden om å vere varsam. Midt i all fattigdom og kontrastar vi opplevde, måtte vi ta vare på vår fokuset om at vi ikkje kunne hjelpe alle. Det kunne og vere utrygt å gi ein mynt der det var tette folkeklynger. Det var det her.

Ho gjekk.

Brått var ho vekke, usynleg i sin gråaktige skapning. Uten ein ny mynt i handa. Men draumen om henne fulgte meg dei neste veke vi reiste rundt og vart kjent med landet. Trass i alle andre vakre unge kvinner som vi møtte og vart kjent med, det var denne skitne og fattige tiggaren som festa seg i mitt minne.

Det er 28 år sidan. Levealderen nederst på rangstigen i samfunnet er ikkje 45 år. Det indiske samfunn har fleire fattige i dag enn då. Eg er halvvegs i livet (litt over), men ho har truleg på ferda mellom eit liv til det neste. Slik skikken er i hinduismen. Så får eg berre håpe det blir eit betre liv ved neste høve.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Jostein Bildøy

Jostein Bildøy

50, Førde

Kun ein vanleg mann som skriver ned tankar frå ein variert kvardag over tid. Ikkje god på bilete. men kanskje det er lesbart likevel?

Kategorier

Arkiv

hits